torsdag 13. oktober 2011

Multiple bles8ings

Ei bok eg les akkurat no er "Multiple bles8ings" som handler om Jon & Kate Gosselin og dei 8 barna deira. Tvillingane og sekslingane. Eg har lenge vore fascinert av familier med mange barn, og liker å lese om dei og sjå program som handler om dette på tv. Derfor seier det seg vel sjølv at eg også liker programma "Jon & Kate plus eight" og "Kate plus eight".
Det fins mange meininger om dei, og eg gjer meg nokre sjølv også. Men eg kan ikkje dømme, for eg veit ikkje kva det går ut på å ha 8 barn.

Eg er komt til midt i boka, og det har til no handla om tida før dei fekk barn, då ho var gravid med sekslingane, fødselen og litt om tida etterpå.
Eg har ikkje lese mange bøker etter at eg sjølv fekk barn, men denne synest eg er interessant :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)