torsdag 27. oktober 2011

Eit guttehjerte

Gutten min laga dette flotte hjertet i barnehagen- eit isoporhjerte malt i grønn farge og pynta med paljetter.

Hans eige lille guttehjerte liker blandt anna dette:
Han er ein skikkelig utegutt og elsker å vere ute med pappa og bestefar for å jobbe på gården. Men når han er inne så er den blå traktoren leike nr 1.

Han leiker også med andre køyretøy, og kan bruke mykje rart når han jobber med desse. Her er det klinkekulene som har fått ein nyttig funksjon.

Noko anna som er veldig kjekt for tida er å skru opp skruer og bytte batterier. Så no ligg brukte og ubrukte batterier litt om kvarandre, skruer er vekke og nokre ting har ikkje blitt skrudd sammen igjen. Så eg er ikkje i tvil- det ER forskjell på kva mange jenter og gutter interesserer seg for!

Dataen har også blitt meir interessant i det siste. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)