søndag 9. oktober 2011

Heimelaga hårband til babyjenta vår

Med utstyr kjøpt på ebay, prøvde eg å lage hårband til minstejenta mi. Man kan sikkert finne liknande utstyr i norske butikker også.

Eg brukte eit hårband, ein blomst, ei klemme, litt bånd og dobbelsidig tape (limpistol kan også brukes, men eg synest det er tryggere å bruke denne dobbelsidige tapen).

Først limte eg bånd på klemma. Då la eg først tape på båndet...

.. og deretter limte eg båndet på klemma.

Sånn blei den sjåande ut. Dette gjorde eg for å kamuflere klemma litt.

Så limte eg klemma på blomsten som eg ville bruke

Og deretter festa eg klemma (med blomsten) i hårbandet. 
Eg kunne jo ha limt blomsten fast i hårbandet, men eg valgte å heller feste den til ei klemme fordi eg då også kan bruke blomsten på eit hårband i ein anna farge.

Hårbanda blei sånn som eg hadde tenkt meg, og dei var like enkle å lage som eg håpte på.

Sånn blei dei første hårbanda mine

My Cutie Pie


3 kommentarer:

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)