mandag 11. oktober 2010

På veg inn i tåkeland

I går gjekk eg og ungane på tur i skogen i 11 tida på formiddagen, og då låg tåka tjukk over skog og mark. Sjølv om vi ikkje såg så mykje rundt oss så syntest eg det var vakkert å gå der.


Vi gjekk forbi ein gammel, blå traktor. Og det syntest minstemann var stas. Han elsker traktorer, og liker spesielt godt dei blå.

Sjølv om det var langt ut på formiddagen, så var busker og kratt dekka av dugg. Nydelig.

Tåka letta etterkvart så då vi kom litt lenger opp i høgda gjekk det an å sjå ned til der som vi hadde gått. Turen vi gjekk var ca. 3 km- ein koselig og fin søndagstur.


2 kommentarer:

  1. Å, så mange fine bilder!
    Det var flott med den tåka i bakgrunnen!

    Og den traktoren hadde småtten min elsket også:-)

    Ha en flott mandagskveld!
    Klem fra størstepia

    SvarSlett
  2. Tåkelandskap er magisk, man får nesten følelsen av å befinne seg i ett eventyr :)
    Og duggvåt natur er utrolig vakkert, flotte bilder!

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)