tirsdag 19. oktober 2010

Små hobbyprosjekt (innen foto, scrapbooking og kort)

Dette hobbyprosjektet begynte eg på forrige helg. Eg ligg nemlig langt på etterskudd når det gjeld å lime bilder inn i album, og no var tida inne for å prioritere dette. Eg fyllte eit album med bilder og det som gjenstår er å skrive litt tekst på dei siste sidene og pynte litt. Eg har mange fleire bilder som skulle vore innlimte, men eg må ta det litt etter litt.

Eg liker å holde på med hobbyrelaterte ting, bla. scrapbooking, foto, kortlaging og data. Eg får kanskje ikkje gjort fullt så mykje som eg skulle ha ønska, og eg har ikkje alltid tid til å sette igang med dei større prosjekta, men sånn er det jo med andre ting også (td. husarbeid). Men eg liker å få gjort noko (meir eller mindre) nyttig det meste av tida, og når eg sit og ser på tv så synest eg det er greit å få gjort fleire ting samtidig som td. data (fotobok, nettsurfing, bildebehandling, blogging..) eller noko scrapbooking-relatert.

Her har eg stansa ut diecuts-figurer med den elektriske stansemaskina mi (Qk silhouette). Desse er veldig greie å ha med seg når eg sit og ser på tv, for då kan eg trykke dei ut av arka sine mens eg følger med på tv. To fluer i ein smekk ;)
Eg har tenkt å bruke dei som pynt i album, scrappe-prosjekt eller på kort.

Her har eg trykkt ut bokstaver mens eg såg på tv :)

Her har eg stempla "God Jul" tekster og andre motiv, og deretter stansa dei ut med ein punch. Eg stansa også ut rundinger med bølgekanter, for å lage tags av desse to sammen.
Hjertene er stansa ut med ein av mine nyeste puncher. Alt dette for å bruke dei på julekorta eg held på med.

Her er tag'en i bruk

Forrige dagen hadde eg tenkt å sette igang med eit større ryddeprosjekt, sidan ungane ikkje var heime. Men sidan eg ikkje var heilt i form (typisk!), så satt eg heller på hobbyrommet og laga desse tags'a. Først stempla eg noter på eit ark, og så stansa eg dei ut med ein punch etterpå.

Desse trykkte eg ut med punchen først og stempla motivet på etterpå. Desse tenker eg å pynte og bruke på julekort eller som til/fra lapper på julegaver.

Ein gong i framtiden skal eg prøve å  lære meg å hekle og kanskje også å strikke, for det må jo vere fine aktiviteter å holde på med samtidig som ein ser på tv ;)

Kva hobbyer har du? Og når held du på med dei?

5 kommentarer:

  1. Så mange fine duppedingser og utklipp!
    Herlige å bruke både på kort og i album de!
    Bruker fremdeles de jeg vant hos deg og de er superkjekke:-)

    Nydelige de som du skulle lage julekort med også - masse inspirasjon å hente hos deg bestandig Linda!

    Klem fra størstepia

    SvarSlett
  2. Tusen takk for tips om å kutte ut mens man ser på TV. At jeg ikke har tenkt på det før. jeg har en Slice-maskin som jeg liker veldig godt :)

    Ha en herlig dag!

    Klem

    SvarSlett
  3. Gratulerer - du vant Sophie-konkurransen min ♥ Send meg adressen din så du får premien din!

    Klem fra Hilde

    SvarSlett
  4. Jeg likte veldig godt de uglene du har stansa ut :) et spørsmål har di nooen bekjente tips eller råd hvor jeg kan få tak i en brukt cuttelbug ??

    SvarSlett
  5. Takk for kommentarer :)
    Cecilie: Eg veit ikkje om nokon som selger cuttlebug, den einaste plassen eg veit om der dei selger brukte scrappeting er på "selges"-delen i forumet til scrapping.no. Eller på finn.no.

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)