lørdag 6. mars 2010

Tid for å merke kle igjen (men stryking er ikkje noko for meg)


Så var det dags for å merke litt kle igjen. To gonger har eg bestillt strykbare lapper, og to gonger har eg strykt nokre av dei på jentene sine kle (trur det var då jentene mine begynte i barnehagen)- men det har blitt med desse to gongane. Det å stryke merkelapper på kle er ikkje heilt mi greie.


Då er merketusjer (berekna for kle) mykje bedre. Det går mykje fortare, og veldig enkle å finne fram når vi får nye klesplagg i hus.

Sidan eg jobber i barnehage synest eg at det å merke ungenes kle er viktig. Eg har ikkje tal på kor mange kle som samler seg opp i barnehagen fordi dei mangler navn. Og når vi legg dei fram, sånn at foreldra kan ta med seg heim det ungane deira eig, så ligg det ganske mykje igjen. Er det ingen som savner desse kleda? Men, men... dei kan no alltids brukast som ekstra skift når nokon i barnehagen mangler det.

Eg setter ikkje av tid til å merke kle, eg merker dei heller den dagen dei skal ha dei med seg eller på seg i barnehagen (eller på skulen). Like greit det, synest eg. For dei får nye kle med ujevne mellomrom... og eg kunne jo merka dei då. Men for meg så fungerer det best å merke kleda når dei skal ha dei på seg.

I dag har eg funne fram skifte-kle til jentene mine som dei skal ha med seg på skulen. Dei fleste kleda merker eg med tusj. Då skriv eg som oftast berre etternavnet deira, sidan mange av kleda går i arv til søsken.

Strikka kle merker eg med bånd (?) fra sabo.no , og fester dei med enkle knapper som følger med. Er veldig glad i desse. Enkle å ta på, og enkle å ta av.

Desse bånda oppbevarer eg i zip lock posene som dei kom i. Ungane har kvar sin farge på navnet, med kvar sin figur på.


Eg har også bestillt nokre søte klistermerke-lapper med figur og navn på. Eg har nokre som er billigare også, som er uten figur. Men måtte ha nokre med figurer på også. Jentene fekk velge kva figur dei ønska, sjølv. Minstemann fekk bil og tog på sine lapper.
Eg trur desse kan festes i kleda også- men usikker på kor godt dei held i vask. Eg bruker dei mest til ting som matbokser, leiker, bøker o.l

NB! Dette innlegget posta eg egentlig i fjor høst, men av ein eller anna grunn så posta det seg på nytt igjen no når eg endra litt på det.

3 kommentarer:

  1. lol måtte le litt av storejenta di. syns jeg ser dere i ett slikt Donald øyeblikk.. *knise*

    Jeg ELSKER de pennene, lett å skrive og den ligger ALLTID på fast sted på gangen så er så lett å merke med navn og mobilnr.. stryking er heller ikke min greie.

    LYKKE TIL I MORGEN OG HA EN UFORGLEMMELIG OG MORSOM DAG SAMMEN ♡

    Klemmer

    SvarSlett
  2. Dei banda har eg ikkje sett før... Kjempesmart!! Nydleg bilete øverst på sida di og;))

    Klem frå Ann Kristin

    SvarSlett
  3. Jeg tyr også til sånne merkepenner, det er kjapt og greit. Orker ikke å stå og stryke.

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)