tirsdag 9. mars 2010

Vi tegner søte kawaii figurer

Kawaii er det japanske ordet for søt, og eg har alltid vore litt svak for japanske kawaii-figurer (deriblandt Hello Kitty, Miffy og Pikachu). Mange figurer virker så enkle å tegne, men når eg sjølv skal sette seg meg ned og tegne sammen med ungane så kjem eg sjelden på nye ting å tegne.

Derfor satt eg litt i helga og fann bilder av desse søtingane på nett (det er ikkje første gongen det skjer). Men det eg også gjorde var at eg brukte Evernote (som eg skreiv om i går) til å legge denne grafikken inn på ipoden min- for å ha min eigen lille ide-tegnebank der.

Jentene syntest dette var ein veldig god idè, og det tok ikkje mange minuttane før dei måtte låne ipoden min for å prøve å tegne desse figurane. Og kanskje det også gir ideer og inspirasjon til at dei etterkvart kan tegne sine heilt egne kawaii-figurer?

Her er nokre av dei som eldstejenta tegna. Eg har tenkt at eg kanskje skal bruke desse figurane i bla. fotoalbum og scrapbooking.

Linker til kawaii-figurer:
All things kawaii
Bukubuku
Flickr- Kawaii
Etsy.com- Kawaii

Les om kawaii i wikipedia

Eg har forresten blitt spurt om å vere gjesteblogger for Foreldremanualen, noko eg med glede har sagt ja til.
Mitt første gjesteblogg-innlegg handler om å forevige barnas byggverk.

2 kommentarer:

  1. Så søte figurer :)

    Flink eldstejenta di er til å tegne :D

    SvarSlett
  2. Så søte! Kjekk syssel med barna, ingen ulempe at de voksne synes de er fine også:) Gøy at du tok oppfordringen min om vise frem hobbyrommet ditt. Og himmel og hav hvor mye hobbyting du har, stilig! Og gratulerer som gjesteskribent i Fordremanualen, det blir koselig å følge med på!:) Klem Heidi

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)