onsdag 9. desember 2009

Notatprogram til Ipod touch

Ein av grunnane til at eg kjøpte ipod touch var for å ha ein plass til all infoen eg samla meg om Florida og ferien vår- for å sleppe å ta med meg alt i papirformat.
Eg har brukt litt tid på å finne notatprogram som eg liker, og også for å finne andre artige apps. Til no har eg stort sett berre lasta ned "Lite"apps (= gratis prøveversjoner av programma), men no har eg kjøpt to notatprogram som eg liker. Kan jo hende at det fins andre og bedre apps, men desse fungerer fint for meg;




Eg har lagra all info om Florida i pc- programmet Onenote, og derfor passer Mobilenoter-apps'en perfekt for meg. Desse to programma kan nemlig synkroniseres sånn at all info i Onenote kopierer seg til Mobilenote (og til ipoden min). Ein enkel og fin måte til å ha med seg all info (og andre notater) i lomma.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)