tirsdag 23. oktober 2012

Project Life: Childhood Edition

No har "barndoms-kolleksjonen" (the Childhood Edition) blitt tilgjengelig for forhåndsbestilling, så eg har bestillt nokre av desse til barnehage-og skulealbumma som eg lager til mine små.
Kolleksjonen ovenfor heiter "Mayfield edition".

Sånn ser dei andre kolleksjonane ut:
"Bridgeport edition"

"Wellington edition"

Bildene er lånt fra dette innlegget hos Becky Higgins: introducing: the Childhood Edition. I dette innlegget er det fleire bilder og også ein video med meir informasjon.


Click to Pre-Order Project Life Childhood Mini Kits



onsdag 17. oktober 2012

Atlanterhavsparken i Ålesund

Då vi var på ferie i sommer besøkte vi akvariet i Ålesund; Atlanterhavsparken. Det var eit kjekt besøk både for store og små. Det å vere i akvarier eller parker med dyr er alltid ein hit blandt ungane, uansett kva alder dei har.

Vi såg mange fisker og sjødyr både i akvarier, tanker og basseng.

I kontaktbassenget kunne ungane ta på og holde bla. sjøstjerner, fisker og skjell.

Stryker ein fisk

Løfter ei krabbe (trur eg det var)


Ute kunne vi bla. sjå pingviner og leike i sandkassen der det var nedgravd eit stor vågekvalskjelett. Men det som var mest populært blandt ungane var dette flotte anlegget med elver og basseng. 

Her laga dei sluser...

... og sendte båtane gjennom dei. Her kosa dei seg og holdt på med leeenge :) Både 12 åringen, 9 åringen og 6 åringen. 1 åringen fekk ikkje vere oppe i sjølve anlegget, men fekk stå utanfor der ho leikte med vatn, bøtter og spader.

Fascinerande fiskeliv

Ein anna aktivitet ungane likte spesielt godt var å fiske krabber i krabbebassenget. Her fiska dei med reker som agn, og det var veldig spennande å sjå om krabbene tok tak i agnet og om dei klarte å fiske dei opp av vatnet :)


onsdag 10. oktober 2012

Barnehobby: Malt barneveske

Ungane mine er glade i å male og det har blitt ein del malte gjenstander opp gjennom åra. Det fins mykje umala som man kan kjøpe i ulike hobbybutikker. Denne papp-veska malte jenta mi med gullfarge uttapå og lilla inni. Etterpå limte ho på glansbilder.

Kjekt å ha ei veske som man har dekorert sjølv :)



mandag 1. oktober 2012

Barnehobby: Diecuts

Diecuts er små papirfigurer som man stanser ut med ulike maskiner som bla. Cuttlebug og Quickutz. Av og til finn ungane fram maskinene våre og lager diecuts til eigne scrappeprosjekt og kort.
Denne som eg har bilde av heiter Cuttlekids og er barneversjonen av Cuttlebug. Jentene fekk den i julepresang for nokre år tilbake, i tillegg til ulike dies (som er formene man stanser ut figurane med).

Her er gutten min i full gang med å stanse ut diverse køyretøy-diecuts.

Bordet er fullt av kartongbiter, diecut-maskiner, sakser og dies.

Jenta mi brukte Cuttlebug-maskina mi og laga diecuts til lillesøsters album.

I desse søte boksane har eg alfabet-dies så ho kunne stanse ut bokstavane ho ønska.

Her er eit tidligare innlegg eg har skreive om diecut-maskinene våre:

Her er nokre diecuts-bilder fra eldre innlegg eg har skreve:
Eg har mange diecuts som eg oppbevarer i eigne permer.

Her har gutten min brukt diecuts til å pynte sida si med (køyretøya). Heile innlegget om hans første scrappeside kan du lese her: Minstemann scrapper for første gong steg-for-steg

Tussi, Nasse Nøff og giraffen er stansa ut med diecut-maskin. Det store hjertet, sommerfuglen og ein av blomstrane er stansa ut med puncher.
(Henta fra innlegget: I minstejentas babyalbum del 3)

Enda eit glimt fra permen med diecuts.
(Henta fra innlegget: I minstejentas babyalbum del 2)



søndag 23. september 2012

Project Life produkta er komt i hus

Eg forhåndsbestillte mange Project Life produkt i vår, og har venta spent på at dei skulle komme på lager og bli videresendt til meg. No har eg endelig fått dei i hus :)

Det var med stor spenning og glede eg åpna pakken min

Tre "Core kit" 

Diverse fotolommer

Blanke kort til tekst

Ein titt oppi Clementine Core kit

Eg har satt dei opp i ståande stilling så eg lettare ser alle tekstkorta som er oppi pakken.


 Tekst- og pyntekorta er til venstre og i midten. Heilt bakerst står det nokre klistermerker som fulgte med eit eldre Core kit. 
Til høgre ligg ipoden min der eg har samla alle tekstane eg har skreve i 2011 (sidan det er dette albumet eg held på med), under ligg diverse penner, og bakanfor desse har eg lagt eit lokk med små tags oppi.

Bilda er blitt framkalla og er allerede på plass i albumet.

Eit glimt av eit av mine pågåande prosjekt. Alle tekst- og pyntekorta er fra Clementine Core kit.


Memory Keeping at its best with Project Life



lørdag 22. september 2012

Eit knippe kvardagsbilder

Guttens prosjekt

Drikkeflaske med vatn og isbiter, før fotballtrening.

Siste tirsdagskveld med Frustrerte fruer (tatt i vår)

Rabarbara som dyppes i sukker

Notidas melkekartong med ein spesiell dato (tatt i fjor høst)

Notidas teknologi

Kontantkort anno 2012

Eg liker å titte og handle fra babyavdelinga på bla. H&M. Babytida går fort og snart er den over, derfor kjem eg ikkje til å handle herifra (til mine eigne) så mykje lenger.

Baby (og småbarn) = leiker og ting over heile golvet.


Eg har prøvd Oral B Trizone 5000

Som Buzzador får eg prøve nye produkt og tjenester mot at fortel andre om det. For ei stund sidan prøvde eg Oral B Trizone 500 (som eldstejenta mi fekk etterpå) og no har eg prøvde "kongen" av Trizone familien; Oral B Trizone 5000.


I tillegg til alle egenskapane og funksjonane som Trizone 500 har (les mitt forrige innlegg her: Eg har prøvd Oral B Trizone 500), så kan man med Trizone 5000 velge ulike program; "sensitiv", "massasje", "polering",  "djup reingjering" og "dagleg reingjering". Man kan også sjå om man børster for hardt, og kor lang tid man har igjen av børstinga for å oppnå best mogleg reingjering.

Det følger med eit reiseetui og ei klokke (SmartGuide) som har timer og trykksensor.

Eg har prøvd tannkosten nokre veker og er veldig fornøgd. Nokre kvelder har eg brukt den vanlige manuelle tannbørsten, men då føler eg at tennene ikkje blir like reine som med denne elektriske. Eg treng egentlig ikkje alle finessane som denne har, og kunne fint ha klart meg med ein rimeligere variant som Trizone 500. Men det er litt interessant å følge med kor lenge man pusser og bli meir bevisst på dette, og no har eg fått klokke på badet :)
Grunnen til at eg ønska meg elektrisk tannbørste var fordi eg hadde litt plakk mellom tennene som eg ikkje fekk vekk med manuell tannbørste. Noko av dette forsvann etter å ha brukt Trizone 5000 ei stund, men då eg var hos tannlegen forrige dagen fekk han dette heilt vekk.
Forhåpentligvis vil bruken av Trizone 5000 gjere til at eg ikkje får noko særlig plakk igjen, det gjenstår å sjå...

Det lyser rødt øverst på skaftet dersom man pusser for hardt.

Trizone 5000 i lading.

No er vi tre i familien med elektriske tannbørster.

......................................................................................

Vil du vite meir om å vere Buzzador så kan du lese mitt første innlegg om dette: Eg har blitt Buzzador