onsdag 17. oktober 2012

Atlanterhavsparken i Ålesund

Då vi var på ferie i sommer besøkte vi akvariet i Ålesund; Atlanterhavsparken. Det var eit kjekt besøk både for store og små. Det å vere i akvarier eller parker med dyr er alltid ein hit blandt ungane, uansett kva alder dei har.

Vi såg mange fisker og sjødyr både i akvarier, tanker og basseng.

I kontaktbassenget kunne ungane ta på og holde bla. sjøstjerner, fisker og skjell.

Stryker ein fisk

Løfter ei krabbe (trur eg det var)


Ute kunne vi bla. sjå pingviner og leike i sandkassen der det var nedgravd eit stor vågekvalskjelett. Men det som var mest populært blandt ungane var dette flotte anlegget med elver og basseng. 

Her laga dei sluser...

... og sendte båtane gjennom dei. Her kosa dei seg og holdt på med leeenge :) Både 12 åringen, 9 åringen og 6 åringen. 1 åringen fekk ikkje vere oppe i sjølve anlegget, men fekk stå utanfor der ho leikte med vatn, bøtter og spader.

Fascinerande fiskeliv

Ein anna aktivitet ungane likte spesielt godt var å fiske krabber i krabbebassenget. Her fiska dei med reker som agn, og det var veldig spennande å sjå om krabbene tok tak i agnet og om dei klarte å fiske dei opp av vatnet :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)