mandag 1. oktober 2012

Barnehobby: Diecuts

Diecuts er små papirfigurer som man stanser ut med ulike maskiner som bla. Cuttlebug og Quickutz. Av og til finn ungane fram maskinene våre og lager diecuts til eigne scrappeprosjekt og kort.
Denne som eg har bilde av heiter Cuttlekids og er barneversjonen av Cuttlebug. Jentene fekk den i julepresang for nokre år tilbake, i tillegg til ulike dies (som er formene man stanser ut figurane med).

Her er gutten min i full gang med å stanse ut diverse køyretøy-diecuts.

Bordet er fullt av kartongbiter, diecut-maskiner, sakser og dies.

Jenta mi brukte Cuttlebug-maskina mi og laga diecuts til lillesøsters album.

I desse søte boksane har eg alfabet-dies så ho kunne stanse ut bokstavane ho ønska.

Her er eit tidligare innlegg eg har skreive om diecut-maskinene våre:

Her er nokre diecuts-bilder fra eldre innlegg eg har skreve:
Eg har mange diecuts som eg oppbevarer i eigne permer.

Her har gutten min brukt diecuts til å pynte sida si med (køyretøya). Heile innlegget om hans første scrappeside kan du lese her: Minstemann scrapper for første gong steg-for-steg

Tussi, Nasse Nøff og giraffen er stansa ut med diecut-maskin. Det store hjertet, sommerfuglen og ein av blomstrane er stansa ut med puncher.
(Henta fra innlegget: I minstejentas babyalbum del 3)

Enda eit glimt fra permen med diecuts.
(Henta fra innlegget: I minstejentas babyalbum del 2)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)