Som Buzzador får eg prøve nye produkt og tjenester mot at fortel andre om det. For ei stund sidan prøvde eg Oral B Trizone 500 (som eldstejenta mi fekk etterpå) og no har eg prøvde "kongen" av Trizone familien; Oral B Trizone 5000.
I tillegg til alle egenskapane og funksjonane som Trizone 500 har (les mitt forrige innlegg her: Eg har prøvd Oral B Trizone 500), så kan man med Trizone 5000 velge ulike program; "sensitiv", "massasje", "polering", "djup reingjering" og "dagleg reingjering". Man kan også sjå om man børster for hardt, og kor lang tid man har igjen av børstinga for å oppnå best mogleg reingjering.
Det følger med eit reiseetui og ei klokke (SmartGuide) som har timer og trykksensor.
Eg har prøvd tannkosten nokre veker og er veldig fornøgd. Nokre kvelder har eg brukt den vanlige manuelle tannbørsten, men då føler eg at tennene ikkje blir like reine som med denne elektriske. Eg treng egentlig ikkje alle finessane som denne har, og kunne fint ha klart meg med ein rimeligere variant som Trizone 500. Men det er litt interessant å følge med kor lenge man pusser og bli meir bevisst på dette, og no har eg fått klokke på badet :)
Grunnen til at eg ønska meg elektrisk tannbørste var fordi eg hadde litt plakk mellom tennene som eg ikkje fekk vekk med manuell tannbørste. Noko av dette forsvann etter å ha brukt Trizone 5000 ei stund, men då eg var hos tannlegen forrige dagen fekk han dette heilt vekk.
Forhåpentligvis vil bruken av Trizone 5000 gjere til at eg ikkje får noko særlig plakk igjen, det gjenstår å sjå...
Det lyser rødt øverst på skaftet dersom man pusser for hardt.
Trizone 5000 i lading.
No er vi tre i familien med elektriske tannbørster.
......................................................................................
Vil du vite meir om å vere Buzzador så kan du lese mitt første innlegg om dette: Eg har blitt Buzzador
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)