tirsdag 19. april 2016

Konfirmasjonskort til konfirmantens venner

Konfirmanten min ga kort til mange av sine venner og kjente som også var konfirmanter. Eg synest at korta man kjøper i butikkene er dyre..iallfall når man skal kjøpe mange av dei. Derfor laga vi våre eigne.

Desse gratulasjonskorta laga eg på pc'en og i appen Rhonna Design før eg printa dei ut på tynn kartong. Man treng nødvendigvis ikkje å bruke denne appen. Det går heilt fint å berre sette inn eit fint bilde og litt tekst i eit Word dokument for så å printe det ut.

Bildene er fra ei Facebook-gruppe eg er med i. 
Framsida på kortet er laga i Word, og eg printa ut to kort (framsidene) på kvar A4 kartong (tynn kartong).

Teksten og swirlen er skreve, satt sammen og lagra som eit bilde i Rhonna Design-appen. Eg satte bildet inn i eit Word-dokument og printa dei ut på baksida av kartongen med framsida på.
Man treng ikkje appen her heller. Det går fint an å skrive teksten rett inn i Word dokumentet.

Voila! Rimelige og fine konfirmantkort :)
Konfirmaten skreiv helsinger på den tomme sida i kortet.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)