lørdag 2. november 2013

Printer ut kort og pynt til Project Life

Mange kjøpt hos Jessica Sprague- laga av Lori Whitlock

Eg liker å printe ut kort og pynt til Project Life albuma mine. Det har etterkvart blitt fleire "fysiske" Project Life kit og temakort i heimen, så behovet er ikkje like stort for sånne ting lenger. Men litt blir det... Noko av det eg printer ut er freebies som eg har funne på nettet, noko har eg kjøpt som digitale filer, og noko har eg laga sjølv.

Laga sjølv: Skreiv inn mange "babyord" i Word og printa dei ut. Klipper ut orda når eg treng dei og limer dei på bilder eller PL kort. Brukte bla. orda og setningane "Glad i deg", "Leik", "Milepæl" og "Søskenkjærlighet". Har laga eit dokument med familieord også.


Laga sjølv: Eit dokument med små rundinger i forskjellige farger i Word. "Klipper" dei ut av arket med ein punch i passande størrelse, og limer dei på bilder der eg treng å skrive ein kort tekst eller eit beskrivande ord.

Laga sjølv: Eit skjema som ungane fyller ut kvart år med info om ting som har med skulen å gjere. Desse bruker eg i Project Life- skulealbuma deira. Det er ikkje komt så mange bilder i desse albuma, men det er viktig for meg at vi fyller ut dette kvart år for då er iallfall noko av det skrifltlige på plass. Bildene ligg på pc'en og kan printes ut når eg bestemmer meg for å¨jobbe med desse albuma. Ein gong i året fyller ungane ut dette "skuleskjemaet" og ein gong i året fyller dei ut eit skjema med favoritter dei har.


Digitale element (pynt) som eg har kjøpt på nettet og printa ut i passe størrelser.
Eg hugser ikkje heilt kor alt er fra, men polaroid-kameraet er fra eit sett med kort (media journalers) fra the-lilypad.com, og instagram-kameraet er fra sarahhurley.com.

Digitale element (kort) som eg har funne som freebies eller kjøpt på nettet. Eg set dei inn i eit dokument i Word, justerer størrelsen og printer dei ut. Eg samler fine freebies-linker på pinterest-sida mi, og har kjøpt ein del kort hos DesignerDigitals og the-lilypad.


Digitale element (figurer) eg har kjøpt på nettet og printa ut for å bruke i jentenes album. Desse satte eg inn i tomt 3x4 kort (ca 7,5 cm x 10,2 cm) i photoshop. Deretter printa eg ut to og to i fotoutskrift-programmet mitt. Eg printa dei ut på Becky Higgins' 4x6 kvite kort for å spare tid sidan eg då slepp å klippe så mykje.
Desse er fra scrapandtubes.com.

Ein dag fann eg tilfeldigvis ut korleis eg skulle skifte farge på korta i Word. Man lærer ved å gjere ;)


Dei små figurane eg printer ut oppbevarer eg i lommer til "Paper sticker bindere'en" min (då får eg god oversikt over figurane), eller i passande zip-lock poser (det tar mindre plass).


Bildene er henta fra instagram-kontoen min, så dei har blitt lagt ut der tidligare.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)