torsdag 28. november 2013

Project Life - prosjekt

Eg har mange album som eg vil lage med Project Life metoden. Eit av dei skal vere med bilder og tekst fra mine forfedre. Eg har scanna mine bestemødre og mi oldemors gamle album, og så får vi sjå kva det kan bli til ein gong. Albumet ovenfor laga eg til bestemor med nokre av hennar gamle bilder + litt bilder med min familie år for år. Kvar gong eg besøker ho får eg høyre kor mykje ho verdset dette albumet og at ho ofte ser i det. Det er godt å høyre at eg laga noko som ho har glede av.
Sidene i albumet er laga med digitale Project Life kit, og deretter satte eg dei ferdige sidene inn i ei fotobok som eg framkalla.

Digitale Project Life Kit kan kjøpes hos digitalprojectlife.com og i skrivende stund er det 30 % avslag på alt i nettbutikken.

Hos digitalprojectlife.com kan man også finne freebies og i dag er det lagt ut eit gratis Project Life begynnersett! Perfekt for dei som ønsker å prøve å lage digitale sider, og man kan også printe ut dei gratis korta og bruke i eit vanlig PL album.

Eit instagrambilde fra ein dag eg holdt på med Project Life, mens vesla leika med storebrors lego ved sidan.

Når bildene er framkalla så skriv eg dato på dei... På pc'en er bildene delt inn i ukentlige mapper, så det er enkelt å finne fram til dei riktige bildene og datoene.

Eldstejenta tok mange bilder fra det siste skuleåret sitt på barneskulen. Spesielt då dei hadde mange utflukter på slutten av året. Derfor fekk ho eit album, Project Life kit og plastlommer til bursdagen. Her set ho bildene inn i albumet.


Søstra mi fekk også eit Project Life kit, album og plastlommer til bursdagen. Dei første sidene laga eg med bilder av familien og hennar nyfødte sønn (bilder som eg sjølv har tatt). Så kan ho fylle ut resten av albumet med sine eigne bilder.



Eg abonnerer på Project Life kit fra Studio Calico. Dette var det første kit'et eg fekk i sommer.

Lillepusen liker også å vere der det skjer :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)