Som Buzzador får eg prøve nye produkter og tjenester mot at eg fortel andre om det, og denne gongen fekk vi prøve Nestlès middagsglas med Couscous Kylling. Eg fekk 10 glas sånn at eg også kunne dele ut til venner og kjente.
Couscous kjem fra Nord-Afrika, men Nestlè Couscous Kylling blir laga i Norden etter ei nordisk oppskrift. Den inneheld ikkje salt og kun naturlige ingredienser.
Jenta mi er ikkje så glad i middag på glas, derfor var eg spent på korleis ho ville like dette produktet. Vi har prøvd to av glasa med nokre vekers mellomrom. Då vi prøvde det første gongen åt ho eit par-tre skeier av middagen (og det var bra til ho å vere!), men så var det stopp. Mens denne andre gongen så åt ho opp nesten alt eg varma til ho (ca 1/2 glaset)- men det blei til at eg måtte lure det litt i ho mens ho var opptatt av søsken eller tinga som ho fekk leike med ved bordet. Middag er ofte eit måltid som det tar litt lang tid å få i ho (i motsetning til graut), så derfor må ho av og til ha nokre ting å holde på med sånn at ho ikkje skal bli så fort lei.
Eg er usikker på om eg kjem til å kjøpe Nestlè Couscous Kylling i framtida. Sånn som det er no så er det ikkje så mange middagsretter på glas ho liker. Men viss det kjem seg så kan det hende at vi kjøper produktet.
.......................................................................................
Vil du vite meir om å vere Buzzador så kan du lese mitt tidligare innlegg her: Eg har blitt Buzzador
mine små fikk sjelden middag på glass. fra 6 mnd ca- fikk de samme middag som oss andre, og middag på glass ble bare brukt i nødstilfeller. (de likte det heller ikke, så spørs om de ble for godt vant)
SvarSlettha ei flott uke videre