torsdag 8. desember 2011

Heimelaga hårband del 2

Tidligare i høst skreiv eg om dei heimelaga hårbanda som eg laga til minstejenta. I helga satte eg meg ned for å montere fleire blomster på klemmer for å ha fleire farger å velge mellom.

Nokre av blomstrane eg bestillte var flate under, mens andre hadde "stilker". Derfor måtte eg fjerne desse stilkane sånn at eg fekk limt dei på klemmene.

Det gjekk greit å fjerne delane fra kvarandre

Og sjølve diamanten måtte også av stilken

Deretter limte eg delane sammen igjen med gluedots.

Då kunne eg lime eit matchende band på ei klemme. Du kan lese meir om det i det tidligare innlegget mitt.

Sånn....

Og så festa eg klemma på blomsten med gluedots

Så no har eg mange hårband i ulike farger, og mange blomster med klemmer på så eg kan mikse og matche som eg vil når det gjeld farger på hårband og blomster.

Eg bruker ein tennbrikke-boks til å oppbevare hårbanda på... men eg har ikkje plass til alle så nokre må ligge på toppen.

onsdag 7. desember 2011

Baby


Eit herlig, tannlaust smil

Håret blir litt tynnere for tida, men på toppen veks det bra

Søte ballerinasko som eg fann på H&M
svarte....

...og rosa....

Stor og lita hand

tirsdag 6. desember 2011

I minstejentas album

I minstejentas album set eg mesteparten av bildene inn i fotolommer, men då eg fekk mønsterark-pakken i serien "Baby Steps" (fra Simple Stories) scrappa eg nokre av bildene fra ein fotoserie eg tok av vesla. Dei nydelige arka passer veldig godt i babyalbummet hennar.
(Tekst til nokre av bilda vil bli skreve på dei store tekst-korta når eg får tid)









Alle innlegga om babyalbummet kan du lese her: Babyalbum

Desse fotolommane har eg brukt til desse sidene:
bilder lånt fra bikuben.com
 

tirsdag 22. november 2011

Bilder til minstejentas album

Berre nokre veker gammel

Ein søt, liten fot

Ho har fleire leiker etter storesøskna, men ein ny sommerfugl måtte ho få...

Dette bildet tok eg då ho brukte bleiestr 3... og så kjøpte eg nokre up & go bleier i str 5- berre fordi eg ville at ho skulle få bruke desse kule "danse-bleiene" når ho blir litt større. 

Ho har sånt eit skjønt, lite hovud

Og ho held seg fast i alt ho får tak i

Eit søtt merke på ein kjole ho har

Hennar første smokker

Lue med øyre er lett å bli glad i

Litt nytt til den lille



torsdag 10. november 2011

Handavtrykk år for år

Mine barns hender- ei på 11, ei på 8, ein på 5 og ei på 4 mnd.

Nylig laga eg mine eigne "oppslagstavler" på pinterest. Det er ein perfekt plass meg som liker å samle ideer og inspirasjon fra nettet. Her er pinterestsida mi. Men anyway... på pinterest fann eg ein idè som eg ville bruke til ungane mine. Eg teikna rundt kvar av ungane sine hender, og så skal eg med jevne (eller ujevne) mellomrom tegne hendene deira opp att utanfor denne opprinnelige handa for å vise at hendene deira blir større. Eg tenker å oppbevare dei i ungene sine barnehage- og skulealbum som eg held på å lage (bilder av desse kjem ved ein seinare anledning).

Eg skulle jo gjerne ha begynt med dette tidligare, mens dei andre var babyer. Men pytt.... det er aldri for seint å begynne. 

Ideen som blei delt på pinterest finnes på bloggen Dukes & Duchesses. Her er eit bilde fra denne bloggen:


tirsdag 1. november 2011

Kvardagsbilder (til familiens 365 album)

Søte Lilje

Fra litt tidligare ei høst- tid for å legge på bokbind på skulebøkene

På tur med kjeks

Spor av regn

Eldstejentas bilde fra båten- mann og barn tok seg ein båttur før dei satte båten i hus for vinteren.


Det er ei stund sidan bildet blei tatt, men pusen vår dukka opp igjen i forrige veke etter å ha vore vekke i 4 måneder! Stor glede i heimen :)

Eit glimt fra jobben min (tatt tidligare i år). Ein måte å oppbevare sko på.. (kunne tenkt meg ei sånn hylle her heime)

mandag 31. oktober 2011

Mi lille prinsesse



MIRACLE - celine dion

You're my life's one miracle 
Everything I've done that's good 
And you break my heart with tenderness 
And I confess it's true 
I never knew a love like this 'til you 

You're the reason I was born 
Now I finally know for sure 
And I'm overwhelmed with happiness 
So blessed to hold you close 
The one that I love most 
Though the future has so much for you in store 
Who could ever love you more 

The nearest thing to heaven 
You're my angel from above 
Only God creates such perfect love 

When you smile AT me I cry 
And to save your life I'd die 
With a romance that is pure in heart 
You are my dearest part 
Whatever it requires 
I live for your desires 
Forget my own, your needs will come before 
Who could ever love you more 

There is nothing you could ever do 
To make me stop loving you 
And every breath I take 
Is always for your sake 
You sleep inside my dreams 
And know for sure 
Who could ever love you more

torsdag 27. oktober 2011

Eit guttehjerte

Gutten min laga dette flotte hjertet i barnehagen- eit isoporhjerte malt i grønn farge og pynta med paljetter.

Hans eige lille guttehjerte liker blandt anna dette:
Han er ein skikkelig utegutt og elsker å vere ute med pappa og bestefar for å jobbe på gården. Men når han er inne så er den blå traktoren leike nr 1.

Han leiker også med andre køyretøy, og kan bruke mykje rart når han jobber med desse. Her er det klinkekulene som har fått ein nyttig funksjon.

Noko anna som er veldig kjekt for tida er å skru opp skruer og bytte batterier. Så no ligg brukte og ubrukte batterier litt om kvarandre, skruer er vekke og nokre ting har ikkje blitt skrudd sammen igjen. Så eg er ikkje i tvil- det ER forskjell på kva mange jenter og gutter interesserer seg for!

Dataen har også blitt meir interessant i det siste.