torsdag 8. desember 2011

Heimelaga hårband del 2

Tidligare i høst skreiv eg om dei heimelaga hårbanda som eg laga til minstejenta. I helga satte eg meg ned for å montere fleire blomster på klemmer for å ha fleire farger å velge mellom.

Nokre av blomstrane eg bestillte var flate under, mens andre hadde "stilker". Derfor måtte eg fjerne desse stilkane sånn at eg fekk limt dei på klemmene.

Det gjekk greit å fjerne delane fra kvarandre

Og sjølve diamanten måtte også av stilken

Deretter limte eg delane sammen igjen med gluedots.

Då kunne eg lime eit matchende band på ei klemme. Du kan lese meir om det i det tidligare innlegget mitt.

Sånn....

Og så festa eg klemma på blomsten med gluedots

Så no har eg mange hårband i ulike farger, og mange blomster med klemmer på så eg kan mikse og matche som eg vil når det gjeld farger på hårband og blomster.

Eg bruker ein tennbrikke-boks til å oppbevare hårbanda på... men eg har ikkje plass til alle så nokre må ligge på toppen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)