torsdag 10. november 2011

Handavtrykk år for år

Mine barns hender- ei på 11, ei på 8, ein på 5 og ei på 4 mnd.

Nylig laga eg mine eigne "oppslagstavler" på pinterest. Det er ein perfekt plass meg som liker å samle ideer og inspirasjon fra nettet. Her er pinterestsida mi. Men anyway... på pinterest fann eg ein idè som eg ville bruke til ungane mine. Eg teikna rundt kvar av ungane sine hender, og så skal eg med jevne (eller ujevne) mellomrom tegne hendene deira opp att utanfor denne opprinnelige handa for å vise at hendene deira blir større. Eg tenker å oppbevare dei i ungene sine barnehage- og skulealbum som eg held på å lage (bilder av desse kjem ved ein seinare anledning).

Eg skulle jo gjerne ha begynt med dette tidligare, mens dei andre var babyer. Men pytt.... det er aldri for seint å begynne. 

Ideen som blei delt på pinterest finnes på bloggen Dukes & Duchesses. Her er eit bilde fra denne bloggen:


1 kommentar:

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)