torsdag 28. oktober 2010

Ei kiste med utkledningskle

Vi har ei  rød "kiste" med utkledningskle, eller dvs. vi hadde. Den har etterkvart blitt så full at vi måtte finne ein større boks å ha det i.
Uansett så elsker dei små å kle seg ut, og då er det greit å ha kle og utstyr liggande på ein fast plass sånn at dei er enkle å finne fram (og rydde på plass igjen etterpå).
  • Pandamaska er kjøpt på Nille
  • Den gamle skjorta hadde ein av ungane med seg i barnehagen ein gong, der dei fekk klippe og male på den og bruke når dei hadde sjørøver som tema.
  • "Kina"skjorta har eg frå då eg var lita
  • Prinsessekjolen solgte dei på Lindex ein gong, så då fekk jentene kvar sin til jul.
  • Hundemaska er egentlig ein papptallerken, kjøpt i eit sett med fleire dyr på Rema 1000
  • Ballettdrakta brukte eldstejenta ein gong vi var hos fotografen
  • Marihøne-drakta er arva
  • Morgenkåpa i silkestoff har vi to av, sidan jentene fekk kvar si av ein slektning.
  • Brannhjelmen fekk vi då det var Brannverns-veke
  • Vinger må alle små prinsesser ha
  • Eldstejenta vann den blå Barbie-kjolen i ein tegnekonkurransen (fra filmen Prinsessa og Fattigjenta)
  • Ein svart heksekjole som eg har kjøpt
  • Ein rosa silkekjole som mamma kjøpte til meg eller søstra mi då vi var små
Så ungane har litt å velge mellom når dei kler seg ut (vi har ein del meir enn på bildene), og ekstra kjekt er det for kusiner og veninner å komme på besøk- for då kan dei også få kle seg ut som prinsesser når dei er her.


Har dere utkledningskle til deres små?

1 kommentar:

  1. Gøy gøy gøy å kle seg ut!!!! vi har littegrann, men vil nok bli mer etter hvert. Ungene liker det kjempegodt!
    klem
    Lise

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)