fredag 9. juli 2010

Insekt på nært hold

Dette insektet kom eg over då eg rydda på "garderoberommet" ... kanskje hadde det komt seg inn ved å henge seg på eit eller anna klesplagg når vi hadde vore ute?...  No var det iallfall komt innendørs.  Og sjølv om det hender seg at vi har både insekt, edderkopper og fluer i hus så blei eg litt overraska då eg såg dette for det var ganske stort og eg hadde aldri sett sånne før.

Eg fann fram makro-linsa og knipsa nokre bilder. Ved første augekast virker insekt så ekle, men når man har tatt litt bilder og studert dei litt, så virker dei kanskje ikkje så skumle likevel ;) (eller så oppdager man enda fleire ekle detaljer).

Den var på størrelse med peikefingeren min...
Sjølv om eg ikkje har sett dette før, så søkte eg på vanlige biller på internett. Og ganske riktig... det tok ikkje så lang tid å finne ut kva det var: Dette var ein løvtrebukk.

Eg og ungane tok den oppi ein plastboks med hòl i lokket for å studere den litt nærmare. Ungane syntest det var litt spennane og litt skummelt, men det er veldig greit å studere eit insekt når ein har dei oppi ein boks for då er vi trygge for at den ikkje kan finne på noko. Litt seinare sprang eldstejenta oppi skogkanten og slapp den ut i det fri.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)