mandag 29. august 2011

Merking av søstrenes like sokker

Ein del av jentenes sokker er med figurer på så dei er enkle å skille i fra kvarandre. Men ikkje alle... Nokre gonger er det ikkje så enkelt å seie kven som eig sokkane, og kva sokker som høyrer sammen som par. Så no har eg komt fram til at eg må begynne å merke sokkane med størrelse for å gjere det enklare å få dei i riktig skuffe. (Eg merker dei ikkje med navn, sidan mellomstejenta arver sokker fra eldstejenta).
... at eg ikkje har tenkt på dette før!

Når sokkane har blitt for små for både eldstejenta og mellomstejenta så kjem eg til å pakke vekk sokkane (som fortsatt er brukbare) til minstejenta. Ved å merke dei på denne måten vil det bli enklare å vite kortid dei er passelige til ho.

Det blir også enklare å sortere ut kva sokker som er blitt for små i sokkeskuffene deira.

Andre innlegg eg har skreve om sokker og merking av kle:

torsdag 11. august 2011

Tekstkort til mitt og babyens 365 album

Brukt: rosa kartong, stempel og tusj til strekane

Før veslejenta kom til verden måtte eg ha litt å putle på med mens eg venta, så då laga eg desse tekstkorta til 365-albumma våres. No er dei klare til å skrive på og til å plasserast i albumma.

Brukt:  kvit kartong, rosa tusj og grafikk fra nettet.

Brukt: rosa kartong, stempel og tusj

Brukt: kartong, stempel og tusj

Brukt: kartong, stempel og tusj

Brukt: kartong, stempel, tusj og figurpunch

lørdag 6. august 2011

Bilder til familiens 365 album

Denne badebilen kjøpte vi på Kypros i 2002, og har til no holdt i 9 år og til 3 barn :)

Sommer = badetid

Minstemann plukker rips til mammaen og pappaen sin

Mellomstejenta fekk squinkies -det siste nye- til bursdagen sin

Etter nokre varme timer kjem det gjerne eit kraftig regnskyll

Om vi ikkje har det beste sommerværet så får vi iallfall litt sommerfølelse av å sjå på "Allsang på Grensen".

Fint å ha nære slektninger som dyrker masse bær

Bringebær med vaniljesaus *nammi*

tirsdag 2. august 2011

Ting til den lille


Litt nytt må den lille ha

Eg fallt for denne sommerlige drakta- elska fargane, figuren og ikkje minst lua...

Då måtte eg nesten kjøpe denne også

Og denne...

Dette sommerlige settet var på tilbud.

Gratis pakke fra Go'boken (mot at vi blei medlem). Eg hadde egentlig tenkt å kjøpe ei babybok (mine første år..) , for eg liker å ha masse å fylle ut om den lille. Men denne boka fra Go' boken var meir enn bra nok for meg- for her var det også masse eg kunne fylle ut :)

Gratis babypakke fra Rimi. Og når den lille blir litt eldre så får vi enda ein derifra.

Nærbilde av nokre av vareprøvene

Veslejentas kommode

søndag 31. juli 2011

Bilder til familiens 365 album

Eit glimt av mellomstejentas rom

På eldstejentas rom

Svigermors melkekaker

Minstemann laga snurrebass i barnehagen

Nye hjelmer til dei små, i deira yndlingsfarger

Eldstejentas bilde- fra ein fjelltur ho var på

torsdag 28. juli 2011

Glimt fra mitt 365 album (boka om meg)

No når veslejenta er komt til verden har eg endelig fått begynne på hennar 365-album- med eit bilde av ho for kvar dag. Eit prosjekt som eg skal holde på med i minst eitt år. Foreløpig tar eg berre bilder kvar dag og noterer meg kva eg vil skrive om bildet. Og så vil eg med jevne mellomrom framkalle dei aktuelle bilda og skrive teksten inn i albummet hennar.

Før ho blei født kom eg godt i gang med mitt eige 365-album. Planen var å ha eit bilde om dagen som hadde med meg å gjere- men eg fann også mange bilder fra 2010 som eg ville ha med. 
Bildet ovanfor er førstesida i albummet. Eg har fyllt ut to tekstkort med overskriftene "litt om meg" og "boka om meg". Eg skal også bytte ut nokre av mønster-korta med bilder av meg og familien.

Ei side i albummet mitt om den fine jill-e fotoveska mi

Ein rolig frukost, eit bilde av meg ved dataen der eg held på med WITL fotoprosjektet, og minstemanns hand i mi. Eg har skreve tekst på det eine tekst-kortet, og skal pynte det andre tekstkortet med litt scrappepynt etterkvart.

Blomsterbilder og eit familiebilde

Blad eg abbonerer på, min ipod touch med minihøgtaler, nye eksterne hardisker og eit vinterbilde

Diecuts eg lager, min fine almanakk, barnas kvitveisbuketter og gitarspill

Fotokonkurransen der eg vann eit kamera, postkassa vår og fotoframkalling

Fotovegg, art journals og ei gammel håndarbeidsbok.
Tekstkorta har eg pynta med stempel.

Litt om Blythedukka vår, blomsterbilde og sommerfølelse-bilde.
Det eine tekstkortet har eg pynta med blondebånd.

torsdag 21. juli 2011

Babyjenta vår

Tok litt fleire bilder av jenta vår i dag. Dei skjønne babysokkane har ho fått av veninna mi :)


Det største mysterium er ikke mer
Det største mysterium er ikke mer 
enn det: at en ørliten kropp 
er våknet til jorden. Den nyfødte ser. 
To luker i himmelen går opp. 

Selv fem-trinns-raketter og kjernefysikk 
blir puslingers puslespill 
når det nyfødte barn med bare et blikk 
beviser at Gud er til. 
André Bjerke

mandag 18. juli 2011

Ei jente har komt til verden ♥

Nokre dager på overtid kom veslejenta vår til verden i forrige veke. Tenk... no har eg og mannen blitt 4-barns-foreldre ♥