søndag 5. juni 2011

36 veker på veg


Så var eg komt heilt til veke 36. No har eg jobba i full stilling i 5 veker og har berre ei veke att før eg begynner i permisjon- så no nærmer det heile seg plutselig ganske så raskt. Det er fint å gå gravid når man ikkje har dei store plagene, og så lenge eg passer litt på kva eg utset ryggen for så går det bra. Men samtidig ser eg jo fram til at fødselen er overstått, til eg får møte den lille i magen og til eg får ein meir bevegelig kropp igjen :)

Bildene er tatt i veke 34 og 35, nokre har eg tatt sjølv og nokre har 10 åringen min tatt. Fine minner å ta med seg no når det heile er over om ein måneds tid.

Det meste av utstyr har vi liggande og må berre finnes fram. Og snart skal eg finne fram dei nøytrale babykleda, teppene, sengetøyet o.l. for å vaske det. Ny vogn og eit par andre småting blei kjøpt i helga. Så vi har iallfall komt litt i gang med forberedelsane  :)

lørdag 4. juni 2011

Gratis apps for barn

Eg har skreve to nye gjesteblogger-innlegg for Foreldremanualen i det siste om gratis apps for barn: 5 fine og gratis apps for barn og Flere fine og gratis apps for barn.

torsdag 2. juni 2011

Innhold i gratis babybokser

Denne veka har eg henta nokre av babyboksane man kan få med gratis vareprøver i. Dette er apotekets babyboks med bla. ei babybok (Se!), bleier, Foreldre & Barn, våtservietter, ein smokk, div pleieprodukter og ein body.

Pleieproduktene

Body str 62

Fra Libero fekk eg eit gavebevis som eg leverte på Lindex

Der fekk eg denne babyboksen med bla. bleier, stellematter, våtservietter, papirkluter, pleieprodukter, babyleike, babylue og bok med gode råd.

Den søte babyleiken

Babylua

Fra bam fekk eg tilsendt denne pakken

Her var det også litt våtservietter, pleieprodukter, smokk og andre vareprøver

Hos Reflex fekk eg ei gratis bleiebøtte og tilbud på ein 3 pakning med bleieposer

Oversikt over gratis babypakker finn du her: Mammanett.no- Gratis babypakker

søndag 29. mai 2011

LO med eldstejentas tegna figurer på

For nokre år sidan ba eg eldstejenta tegne nokre figurer på syrefritt papir som eg kunne bruke på ein layout. Ting tar jo litt tid, men tegningane har eg spart på og no fekk eg lyst til å lage ein LO med figurane hennar på. Det er koselig å sjå kva figurer ho tegna på den alderen og det å bruke dei som pynt på ein LO er ein fin måte å få vist dei fram på. Eg har også med bilder fra ho var på den alderen, og teksten handler om kva ho likte og kva favoritter ho hadde då.

Detaljer:
Teksten skreiv eg på eit ark med bølgekanter. Til tittelen har eg brukt minibokstaver. Og i tillegg til dei tegna figurane så har eg også brukt fargerike knapper.




Miniknapper som pynt på eit av bilda

onsdag 25. mai 2011

Bilder til vårt 365/Project Life

Sjølv om vi ikkje har baby akkurat no så kjem denne bamsen fram innimellom. Her har den fått låne ei av jentenes headset.

Sit og tenker på at eg vil lage eit album til den lille som kjem, der eg tar eit bilde til albumet hennar/hans kvar dag. Ikkje berre bilder av den lille, men også bilder av babyens ting og tang som td klesplagg, leiker, utstyr og anna som kjem inn i kvardagen vår sammen med lillingen. Her er eit knippe av bildene til "Project Life"- familiealbummet vårt.

Det er koselig å sjå på lamma som spring og danser utanfor stoveglaset på denne tida av året. No er dei fleste sauene og lamma sleppt til skogs og kjem ikkje tilbake før til høsten.

Her om dagen fekk vi besøk av ei lita jente som syntest det var stas å få gi melk til flaskelammet vårt.

I dag regna det ute...

Då jenta mi si julestjerne "tok kvelden" planta ho ei anna plante i julekrukka

Barnetv tid

No når fotballtreningane har begynt igjen så trengs det nye sko

Det viktigaste innholdet i veska mi

Ein dag ba eg 7 åringen min om å ta "dagens bilde". Ho tok bilde av lillebror som skulle til å bære lammet sitt. Merkelig nok måtte lammet snu seg vekk då bildet blei tatt, men det gjer jo bildet enda artigere :)

Minstemann har mange ideer til kva traktoren hans kan gjere eller ha med seg- denne gongen lottobrikker.

søndag 22. mai 2011

Vinn Babybjørn bæresele hos HildeM

Hos HildeM kan man vinne Babybjørns nye bæresele, besøk bloggen hennar her.

lørdag 21. mai 2011

Denne vekas bilder (til 365 prosjektet)

Eldstejenta øver til 17. mai

Eg prøver å ta eit bilde kvar dag, men er også åpen for at nokre dager blir det ingen bilder mens andre dager blir det fleire. Nokre av vekas bilder har med 17. mai å gjere.

Blåseting og anna må testes ut før 17. mai. Ungane får velge kva dei vil ha med seg på den store dagen (men må hugse på at dei stort sett må bære det sjølv).

Lamma er glade for å vere ute, der dei kan springe og danse som berre smålam kan.

Ein frydefull og bunadskledd gutt med pappas sko (som er littegrann for store).

Etter ein dag med mykje feiring er det godt å slappe av og fortsette feiringa med å sjå litt 17. mai på tv'en.

Det er også kjekt å komme heim til sitt kjæraste leiketøy

Det er fint at vi kan nyte jordbær igjen *nam*

onsdag 18. mai 2011

Papirdukker

Av og til finn jentene fram mine (og mammas) gamle papirdukker og leiker med dei. Her er det mange minner :)


Barbie papirdukker i eiga bok



Det er visst ikkje alle som er klippt ut ein gong



Her er ein nyere versjon papirdukker. Byggmester Bob og Fiffi, som eg fekk sammen med noko som eg bestillte fra Barnegarderoben ein gong.

Kleda til Fiffi og Bob

Eg har tidligare skreve eit innlegg for Foreldremanualen om nokre av våre papirdukker: Gamle og nye papirdukker

Linker til gratis papirdukker som man kan skrive ut:





Ved å søke på "Free paperdolls" på google så dukker det opp mykje fint man kan printe ut sjølv.