tirsdag 22. april 2014

Project Life og kortlaging utendørs

Nokre gonger er det kjekt å kunne ta med seg litt hobbygreier ut, og i mitt tilfelle blir det gjerne Project Life relaterte ting. Det skal helst vere lite, lett og enkelt å både bruke og ta med seg fra ein plass til ein anna. Det å fargelegge stempelmotiv kan vere ein sånn ting.

Eg hadde behov for eit hardt (og lite) underlag som eg kunne bruke til fargelegginga i tilfelle eg ikkje hadde bord tilgjengelig. Då kom eg på at eg kunne bruke ein av Project Life minikit-boksene til dette.

Boksen passer perfekt til å oppbevare både ferdigstempla og fargelagte kort i, og også  fargekartet mitt (som eg har laga på eit 4x6 PL kort). 3x4 PL korta har eg stempla bla. Magnolia motiv på ved ein tidligare anledning.
Promarker-tusjane mine oppbevarer eg i zip-lock poser- det fungerer best for meg.

Enkel og lettvint inne-hobby utendørs.

For eit par dager sidan blei det lagt ut ei ny utfordring med fin premie hos Project Life i Norge, så ta gjerne turen innom og bli med på den. I tillegg så har vi to RAK'er der man kan vinne premier; Lindas RAK og Gjestedesigner Lenes RAK.


tirsdag 15. april 2014

Nokre av mine Project Life kits

Eg har etterkvart ei god samling med Project Life kits. Nokre er brukt, nokre held eg på med og nokre har eg ein plan for.

I 2011 albuma brukte eg Turquoise edition, i 2012 albumet (som eg held på med no) bruker eg Cobalt edition og i 2013 albumet (som eg har skreve nokre kort til, men ikkje fått i album enda) bruker eg Seafoam edition. I sommerferie-albumet 2012 brukte eg Clementine edition. Dei tre sistnevnte er eg veldig glad i, men desverre er dette utgåtte kolleksjoner som ikkje blir produsert lenger (heldigvis har eg eit ekstra av Clementine og Cobalt liggande).
Men det er egentlig ikkje så ille likevel, for det er jo komt så mange, nye flotte kolleksjoner!

Kiwi og Honey er mine favoritter, og desse vil eg bruke til dei sommerlige sidene og feriealbum (Honey bruker eg i feriealbumet for 2013). 
Midnight er også ein favoritt som eg ikkje tenker å bruke i eit heilt album, men heller bruke korta til å supplere med i dei andre albuma.
Dear Lizzy eller Jade blir mest sannsynlig brukt i familiealbumet for 2014. Dear Lizzy (og Strawberry) kan også brukes til sommerlige sider og feriealbum.
Mens Heritage og Cinnamon kjem til å bli mest brukt til sider og album om min barndom og mine forfedre.

Baby Edition blir heller ikkje produsert som Core kit lenger, men det kan kjøpes som minikit. Dette bruker eg i minstejentas album, som eg fortsatt ikkje er heilt ferdig med.

mandag 14. april 2014

Scrappelyst: ein ny utfordringsblogg

Scrappelyst er ein ny utfordringsblogg på nett, og dei har også ein flott åpnings-giveaway :) Her kjem det nok masse flott inspirasjon og utfordringer etterkvart.


torsdag 3. april 2014

To innlegg om Project Life

Denne veka har eg skreve to innlegg om Project Life på andre blogger enn min egen.
Det eine var eit kort og informerende innlegg på Foreldremanualen om kva Project Life er: Project Life: Smart organisering av familiefoto.
Det andre var for bloggen som eg er DT hos, Project Life i Norge: Glimt fra mitt feriealbum.


tirsdag 25. mars 2014

Laga Project Life kort i app

Eg fekk ein idè: kanskje eg kunne lage mine eigne Project Life kort i ein av dei "kreative" appene mine? Og som sagt så gjort... Her er nokre kort eg har laga i Rhonna Designs appen.

Når man kjem inn i appen kan man velge kva format man vil lage bildet sitt i. Eg valgte størrelsen 3x4.  Deretter laga eg bildet (eller kortet) mitt sånn som eg pleier. Eg valgte kvit som bakgrunn, og satte på nokre element og litt tekst.
Desse korta er "prøvekaninene" mine. No ser eg fram til å eksprimentere meir med denne appen, og lage enda fleire kort som passer i albuma mine :)

torsdag 20. mars 2014

Project Life i heimen

Her held eg på å skrive på tekstkort til sydenalbumet vårt. Eg liker ofte å gjere ting i "bolker" i albuma mine: først set eg inn alle bildene, deretter skriv eg all teksten (då kan eg bruke tekst-kort som passer fargemessig med bildene mine) og til slutt set eg inn pynte-kort i dei resterande lommane.
Minstejenta leiker med (min gamle) Playmo ved sidan av.

anma.no hadde tilbud på Project Life produkter tidligare i vinter måtte eg benytte meg av sjansen. Då blei det litt basisprodukter, nye kits og ny pynt :)
Core-kit'et som heiter Midnight Edition er ganske nøytralt (kvitt, svart, gult og grått) så dette bruker eg gjerne sammen med andre kit. Og Strawberry Edition var heilt nytt for meg med sine herlige og sommerlige farger. 


Eg har lenge hatt lyst på Core-kit'et Kiwi Edition, og sidan eg ikkje fann det i norske nettbutikker kjøpte eg det hos Scrapbookers Inner Circle. Då eg kjøpte eg liksågodt litt fleire fotolommer og det nydelige Core-kit'et Dear Lizzy også.

Eg fann stor glede i dei nye kit'ene eg fekk fra Scrapbookers Inner Circle, mens minstejenta fann stor glede i emballasjen derifra :)

Ikkje akkurat om Project Life, men dette er fra Rhonna Farrer's app "Rhonna Designs". Innimellom så oppdaterer ho start-skjermen i appen sin med nye, inspirerande bilder og denne gongen blei eit av mine bilder tatt med på denne! Veldig kjekt :)

Her er bildet eg brukte. Det er fra den dagen eg og minstejenta prøvde kle til det kommande karnevalet i barnehagen.

I eit tidligare innlegg skreiv eg at eg hadde framkalla 1600 bilder til diverse Project Life-prosjekt. Her er dei :)

Eg satte meg først ned med alle fjorårets bilder for å skrive dato på dei. No gjenstår det å få dei i album...

Litt andre oppdateringer:
- Minner om den nyoppstarta og norske Project Life bloggen som eg er med på å starte : Project Life i Norge. Her vil det bli mykje inspirasjon og premierte utfordringer etterkvart.
- No er dei nyeste Core kit'a begynt å komme ut i digital versjon hos Digital Project Life. Dei er fine til digital scrapping og/eller til å skrive ut heime på eigen printer. Denne veka er Strawberry Edition lagt ut og den er derfor på tilbud.
- 3. mai er det "National Scrapbook Day", og i den anledning inviterer Big Picture Classes til ein 10K event, der bla. Becky Higgins, Ali Edwards and Cathy Zielske bidrar. Det er gratis å melde seg på denne inspirerande dagen. Les meir her : National Scrapbook Day: 10 K event.



Ein ny, norsk Project Life blogg


Project Life i Norge er ein heilt ny blogg som eg er med på å starte. Project Life (eller lommescrapping som det kan kalles på norsk) er ein enkel måte å lage flotte fotoalbum på, og eg har skreve mykje om dette her på min eigen blogg. I denne nye Project Life bloggen vil det bli lagt ut inspirasjon og utfordringer med premier, og eg håper at mange vil få glede av den. Velkommen innom!

mandag 10. mars 2014

Eit album til barne- og ungdomsåra mine


For ikkje så lenge sidan framkalla eg mange bilder fra barndommen min som eg ville sette inn i eit Project Life album, derfor passa det perfekt at dette nettkurset begynte akkurat no; "Before your story" hos Big Picture Classes. Eit kurs som hjelper meg å lage eit album i Project Life-stil om barndom- og ungdomstida mi.  Sitat: "Before your story there was mine".

Så i tillegg til familieliv og diverse Project Life- prosjekt, så tar eg dette nettkurset for tida. Interessant :)