søndag 8. mai 2011

Liten skogstur og flaskelam

I dag gjekk vi ein liten tur, heile familien, opp i skogen. På vegen gjekk vi forbi sauene og lamma våre som har begynt å få vere ute i det nydelige vårvèret. Lamma har nettopp fått øyremerker i øyra sine, og er så skjønne så...

For ikkje så lenge sidan gjekk det eit lite steinras over stien vår, så no var vi oppe og inspiserte det og gjekk over det som låg i vegen.

Vi fann mange kongler som bar preg av at ekorna hadde hatt "konglefest". Og ungane syntest at ekorna kunne no ha rydda opp etter seg.

På veg ned att stoppa vi på ein av dei fine "rasteplassane" våre, og mannen laga seljefløyter til ungane.

Dei fungerte fint


Skoa våre

Då vi kom ned att traff vi på sauene og lamma igjen. Eit av lamma er flaskelam og holdt tett følge med oss, mens dei andre sprang i forveien. "Mary has a little lamb... a lamb as white as snow"..

Den lille leita etter noko å suge på

Og fekk til slutt det den ville ha.

Ellers så har ungane bla. leika med duplo ute i dag. 
Minstemann fekk på seg årets første flått denne veka (etter ein skogstur med barnehagen), og etter turen i dag  fekk mellomstejenta også ein på seg. Den hadde heldigvis ikkje satt seg fast og var enkel å fjerne.
* No er det vår *

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)