lørdag 8. mai 2010

Gode mini-hamburgere

Mellomsjentas mini- hamburger

Forrige dagen fann eg nokre søte minihamburger-brød på Rema1000- og dei måtte prøves ut. Men mini-hamburgere såg eg ikkje så dei måtte eg lage sjølv. 
Og det er noko eg lenge har tenkt på; å lage karbonader eller kjøttkaker. Eg er så heldig å bu i nærheten av svigermor, og har innimellom fått smake dei gode kjøttkakene hennar.
Derfor har eg lenge tenkt at eg skulle prøve å lage nokre sjølv (har jo ikkje gjort det sidan den gongen eg gjekk på skule), men det har aldri blitt... før no.

Dei blei litt tjukke, men vart ganske gode.
I går fann eg mini-hamburgere på butikken, så eg kjøpte dei for å sjå om dei smaker bedre :)

Ja, her bur det barn #6

På tide med nokre nye "Ja, her bur det barn- bilder":
Når ein ting blir liggande lenge, så ser man den ikkje lenger. Her har den søte perle-fuglen ligget ei stund, faktisk så lenge at vi ikkje såg den... før eg tok dette bildet. Så no er den vekk :)

Minstemann har hatt sin eigen krok i stua (på bildet)... men i dag har han fått eit rom til å ha tinga sine på (det er kun verktøybordet som står igjen)  :)

torsdag 6. mai 2010

Dei skjønne lamma har fått sleppe ut i det fri

Vi har to svarte, skjønne lam i fjøsen. Alle dei andre er kvite, men desse to er svarte, med kvar sine spesielle kjennemerker. Denne har ei stor stjerne, mens den andre har ein kvit krage :)

Kviskre litt med naboen

Minstemann får holde og stryke vårt skjønne og flekkete lam (nesten heilt aleine).

No har lamma begynt å få sleppe ut i frisk luft og på store uteområder sammen med mammaene sine- her er dei flotte, svarte lamma.


Alle mann hjelper til dei første gongane lam og sauer må inn att i fjøsen...


Dei som ikkje vil, dei skal... Dette lille lammet får melk på flaske og er derfor lettare å få tak i enn mange av dei andre små.

Kva kan man gjere når man må sitte 2-3 timer i bilkø

Ein dag, for ikkje så veldig lenge sidan, kom det eit skikkelig snøfall på ein fredag etter jobb. Kl 15 var vegane tøya og fine, eg og eldstejenta (som hadde vore med meg på jobb) stakk innom handlesenteret eit par timer før vi køyrte heim, og ante fred og ingen fare.

Då vi kom ut hadde det snødd i store mengder. Like mykje som fredagen før (på akkurat samme tidspunkt)- og begge gongane kom det overraskande på folk. For vèret var jo så fint om morningen...
Eg hadde sommerdekk på, men kom meg fint heim fredagen før og håpte at det skulle gå fint denne gongen òg. Og det gjorde det... for oss iallfall. Men det var mykje meir kaos på vegane denne fredagen.

Då vi hadde køyrt eit stykke, og stått i kø innimellom, kom vi etterkvart fram til staden der vi blei ståande over 2 timer i kø (og det er ikkje vanlig her på vestlandet). Dei einaste bilane som køyrte forbi var uttrykningskøyretøy. Det var ikkje anna å gjere enn å sette seg godt til rette, og vente....

Vi fann etterkvart eit ark som vi kunne spele 3 på rad på...

Og så leika vi ein tegneleik. Først tegna ein av oss hovudet, deretter skulle den andre tegne neste kroppsdel uten å sjå kva den andre hadde tegna først, før vi bytta igjen og forsatte til personen var ferdig. Vi er kanskje ikkje så gode på å tegne, men desto morsommere var det å sjå resultatet :)

Det gjekk fint å stå i kø. Vi tegna litt, snakka litt, skreiv litt i den nye vennineboka til eldstejenta, åt litt niste (les: snop vi hadde kjøpt til helga), spela litt på ipod touch'en og las litt i reklame som vi hadde tatt med oss fra butikkane.

Men vi vart veldig gladedå vi fekk køyre, etter å ha stått i ro i ca 2 1/2 time. Vi var spente på kva uhell som hadde skjedd, men heldigvis var det ikkje så alvorlig som vi frykta. Og eg var veldig glad for at eg nok ein gong kom meg heim uten uhell, på sommerdekk ;)

Og faren er ikkje over enda. Seinast i dag tidlig var bakken dekka av snø, mens no er det fint og grønt ute igjen... Men kanskje kjem våren for fullt om ikkje så alt for lenge?.....

Gjesteblogginnlegg om hobby-fyrstikker

For nokre dager sidan blei gjesteblogg-innlegget mitt om hobby-fyrstikker lagt ut hos Foreldremanualen. Ein morsom aktivitet som eg hugser frå då eg var liten, og som ungane mine no fekk prøve. Ta ein tur innom Foreldremanualen om du vil lese heile innlegget.

onsdag 5. mai 2010

Søte Hello Kitty'en

Denne fann vi på H&M forrige dagen, ingen tvil om at vi måtte kjøpe den med oss heim ♥

Minstemann scrapper for første gong- steg for steg

Forrige dagen fekk minstemann på 4 år scrappe for første gong.
Først valgte han kva farge han ville ha på kartongen.



Eg fann eit bilde av han som han fekk bruke

Han fekk velge diecuts (papirfigurer) som han ønska å pynte sida (layouten) si med.

Verktøybordet hans var fint å sitte ved. Han tok lim bak på bildet, og fekk plassere det der han ville.

Eg ville at han skulle tegne litt på arket sitt før vi limte på dei fine figurane. Først tegna han ramme rundt bildet (det kom han på heilt sjølv). Etterpå tegna han ein gutt. Eg hjalp han med å komme på kva han måtte tegne på figuren sin (noko han kunne sjå med, noko anna han har i ansiktet m.m)

Etterpå fekk han lime på dei fine figurane (diecuts'ene) han ville ha.
Sjå så fin den blei!



Heilt til slutt fekk han lime på litt klistermerker også.



Så ville han klippe ut av eit leiketøysblad. Så eg sa at han kunne klippe ut dei tinga han likte best og så kunne vi lime dei på baksida av den fine sida hans.

Dette var ein koselig aktivitet, og han har laga eit par fleire layouter sidan då.
Vi har hatt scrappetreff sammen med nokre andre barn, og dei som ikkje hadde så mange bilder med seg fekk klippe ut bilder fra leiketøyskataloger som eg hadde tatt med. Det er noko vi har gjort her heime også av og til. At dei små får klippe ut det dei ønsker seg, så det blir ei slags ønskeliste ut av det til slutt :)

søndag 2. mai 2010

Når ungane vil fargelegge så besøker vi ofte denne sida

Ein link vi har brukt mykje når ungane har hatt lyst til å tegne er:
Coloring Book

Her finnes det bla. mange kjente barnefigurer som man kan printe ut og fargelegge :)