søndag 7. august 2016

Ein dag med slåttearbeid på gården

Om sommeren tilbringer kuene og sauene nokre måneder på fjellet, mens vi på gården jobber med å få vinterens fòr i hus. 2-3 gonger i løpet av sommeren bruker vi eit par veker på dette, og då er det ikkje rom for så mykje anna.
I går delte eg nokre glimt fra dette på snapchat så eg tenkte eg kunne dele nokre av dei her også.

Graset i dei bratte bakkane blir slått med slåmaskin, raka sammen og traktoren med vossakasse får det i hus.

Jentene mine imponerer med sin arbeidsvilje og styrke. Graset samlast i silotalja og "armane" slås på plass med slegger.

Teknologien hjelper til med å få graset opp i siloene

Greit med ting som forenkler jobben litt

Edderkoppen

Når graset er komt i riktig silo jamnast det ut før neste haug kjem


Alle bidrar

Vi har ein gutt på avlastning hos oss, så derfor slepp guttane litt unna gårdsarbeidet denne dagen. Det er nok dei to eldste som gjer den største jobben (i tillegg til min mann)


Nokre gonger om dagen rumler magen og kroppen treng påfyll. Minstejenta fann ut at ho kunne vere dørvakt og passa på at ingen gjekk inn med skitne sokker og sko (likevel blir det merkelig mykje gras innendørs i huset når det er slåttetid)

Mange støvler får seg ei pustepause

Glad for at eg har denne kremen i min eigen nettbutikk. Hendene mine blir gjerne såre av å holde på med raking og gafling over lengre tid, men denne gjer at det går fort over og dei blir klare for ei ny økt.

På slutten av dagen blei litt av graset slått i rundballer så då fekk silo-arbeidarane fri.

På snap deler eg familieliv, gårdsliv og glimt fra min eigen business. 
Du er velkommen til å følge meg viss du har lyst




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)