tirsdag 13. oktober 2015

Eplemuffins ♥

Annakvar veke er vi på barneforening sammen med andre barn og voksne i grenda. Då pleier vi å ha med oss mat som vi setter på eit felles bord, og så har vi eit koselig måltid sammen. Då dei eldste var mindre baka eg mykje, men dei siste åra har det blitt mindre av dette og eg har ofte kjøpt noko på butikken istedet.
Men sidan vi har ein del frukt liggande må jo dette brukast, så derfor laga eg og minstejenta eplemuffins i dag.


Vi mangla nokre ingredienser, men heldigvis fann eg ein Toro-pose i skuffa, så då blei det muffins likevel. Nokre gonger lager vi ting fra grunnen av, mens vi andre gonger ikkje gjer det ;)
Eg var innom denne linken for å få litt tips : Eplemuffins ~ Det søte liv
Minstejenta fekk hjelpe til ho også.

Epler måtte vi ha


Eplemuffins på avkjøling

Vi måtte selvfølgelig smake på dei for å kjenne om dei var gode. Så tar vi med oss resten på barneforening, og lar ein vere igjen her heime som pappaen kan kose seg med når han kjem fra jobb.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)