mandag 5. oktober 2015

Ein fin høstdag

Det er deilig med flotte høstdager som i dag, den måtte nytes utendørs.

Eg og dei yngste reiste i banken for å tømme sparebøssene deira (banken arrangerer ofte opplegg i høstferien), mens den eldste gjerne blei igjen heime og laga horn til oss.

Då vi kom heim kledde vi godt på oss (sidan vi bur på skyggesida der sola ikkje kjem til lenger), og gjekk tur i skogen.

Vi hadde tilbudet om å bli med ein anna gjeng på tur i dag, men sidan eg veit at dei eldste ikkje hadde blitt med dit så tok vi heller ein tur sammen her heime. Det smakte godt med nybakte horn og varm drikke (rett i koppen og solbærtoddy) ute i den kjølige høstlufta.

I ein travel kvardag er det lett å gløyme å bruke tida sånn. Eg hadde mange ting eg burde ha gjort i heimen, men dette er ein mykje meir verdifull opplevelse å ha med seg enn at huset ser tipp-topp ut.

Sammen er ein fin plass å vere ♥


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)