Då eg fekk nytt hobbybord for eit par måneder sidan kunne eg bruke ei av skuffene til tekst- og pyntekort til albuma mine.
"Glimt fra veke .. - tekstkort"
Tekstkort + tekstbanner til vekesoppsummeringer
Ferdig utfyllte kort. Desse brukte eg til nokre av vekene i familiealbumet for 2012. Men no har eg heller laga vekeplaner (alà timeplaner) som eg foretrekker å bruke.
Kjøpte digi-tekstkort
Desse Project Life - korta har eg kjøpt og lasta ned fra JessicaSprague.com, og deretter printa ut. Desse kan brukes til digi-scrapping også. Dei har forresten bursdagssalg i nettbutikken denne veka, og det meste er nedsatt i anledning dette.
Gratis digi-tekstkort
Dette er kort som eg har lasta ned gratis fra nettet, og deretter printa ut. Linker til nokre av desse har eg på pinterest tavla mi: Daily life- photographing & scrapbooking.
Diecuts-kort
Eg har også skreve ut litt fra silhouette-maskina min:
Små banner til overskrifter på tekstkorta
polaroid-rammer som passer til lommane i albumet
Tekstkort med bakgrunn
Desse hadde eg tenkt å bruke til tittelkortet for kvar veke, men no bruker eg dei i babyalbumet istedet. Eg har eit bilde der eit er i bruk her: I minstejentas babyalbum del 3
Pyntekort
Nokre av pyntekorta har eg skjært ut av mønsterark i størrelsen ca. 10,2 x15 cm. Eg bruker dei som dei er, eller så pynter eg dei med bla. klistermerker, diecuts o.l
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)