fredag 29. juni 2012

Bloggkonkurranse: Vinn barneboka Trolljakten

Tidligare denne månaden fekk eg, som gjesteblogger hos Foreldremanualen, anmelde boka Trolljakten. Eg og ungane mine fekk lese den, både appen og sjølve boka, og likte den godt. 

Til mi store glede så skal eg no få lov til å dele ut 5 eksemplar av denne flotte boka til mine bloggende lesere. Det einaste vinnarane treng å gjere er å skrive kva dei synest om boka på bloggen sin etter at dei har lese den sammen med sine barn. (NB! Eg deler ut sjølve boka, ikkje appen).

Konkurransen varer fram til søndag 29. juli
Oppdatering: Eg har forlenga fristen på konkurransen og du kan no melde deg på fram til søndag 5. august. Etter denne datoen kjem eg til å trekke dei 5 vinnarane, publisere dei her og sende dei ein mail.

For å vere med i konkurransen om ei fin Trolljakten-bok må dere skrive ein kommentar til dette innlegget, hugs å ha med link til bloggen din og mailadressa di.

Ta gjerne med dette bildet eller det øverste viss du ønsker å skrive om konkurransen på bloggen din :)


Litt meir om boka og appen:
Boka Trolljakten finst både i bokform og som app. På cessa.no er ei oversikt over kor man kan kjøpe boka. I App Store heiter boka Troll Olav (klikk på navnet for å komme dit), og du får både engelsk og norsk versjon i samme appen. Du kan også velge om du vil lese sjølv, eller få ein forteller til å lese den for deg. 


tirsdag 26. juni 2012

Tekst- og pyntekort til familiealbumet (Project Life)

Då eg fekk nytt hobbybord for eit par måneder sidan kunne eg bruke ei av skuffene til tekst- og pyntekort til albuma mine.

"Glimt fra veke .. - tekstkort"
Tekstkort + tekstbanner til vekesoppsummeringer


Ferdig utfyllte kort. Desse brukte eg til nokre av vekene i familiealbumet for 2012. Men no har eg heller laga vekeplaner (alà timeplaner) som eg foretrekker å bruke.


Kjøpte digi-tekstkort
Desse Project Life - korta har eg kjøpt og lasta ned fra JessicaSprague.com, og deretter printa ut. Desse kan brukes til digi-scrapping også. Dei har forresten bursdagssalg i nettbutikken denne veka, og det meste er nedsatt i anledning dette.





Gratis digi-tekstkort
Dette er kort som eg har lasta ned gratis fra nettet, og deretter printa ut. Linker til nokre av desse har eg på pinterest tavla mi: Daily life- photographing & scrapbooking.



Diecuts-kort
Eg har også skreve ut litt fra silhouette-maskina min:

Små banner til overskrifter på tekstkorta

polaroid-rammer som passer til lommane i albumet

Tekstkort med bakgrunn

Desse hadde eg tenkt å bruke til tittelkortet for kvar veke, men no bruker eg dei i babyalbumet istedet. Eg har eit bilde der eit er i bruk her: I minstejentas babyalbum del 3


Pyntekort
Nokre av pyntekorta har eg skjært ut av mønsterark i størrelsen ca. 10,2 x15 cm. Eg bruker dei som dei er, eller så pynter eg dei med bla. klistermerker, diecuts o.l



onsdag 20. juni 2012

Etui til ny telefon

Eldstejenta trong ny telefon for nokre måneder sidan, og vi var glade då vi kom over ein rimelig touch telefon. Men eg synest vi skal ta best mulig vare på sånne skjøre duppeditter så eg bestillte dette coveret til ho:


*Fint*


torsdag 14. juni 2012

Eit par konfirmantkort

Då var "konfirmasjontida" over for denne gong, og eg fekk laga eit par kort i anledning dette.

Bilen er skjært ut med Qk Silhouette.


fredag 8. juni 2012

Eit par bokanmeldelser

Eg har skreve eit par bokanmeldelser for Foreldremanualen i det siste. Den eine er om boka Trolljakten. Den fins også som app og der heiter den Troll Olav. Eg lasta ned appen på Ipaden og den blei stor sukess her i heimen. 6 åringen min likte den veldig godt, og 8 åringen syntest også at den var fin.
Du kan lese heile anmeldelsen min her: Bokanmeldelse: Trolljakten bok og app.

Ei anna bok vi har lese er Ottoline drar til Norge. Du kan lese anmeldelsen min her: Bokanmeldelse: Ottoline drar til Norge.


tirsdag 5. juni 2012

Minstejentas dag i bilder

Minstejenta er i ein herlig alder. Ho har lært seg å sitte, ho krabber og ho røyser seg opp når ho held seg i ting. Ho utforsker romma ho oppheld seg i meir og meir, og studerer og smaker på alt som dukker opp i hennar vei. Derfor tok eg mange bilder av ho i løpet av ein dag. Bilder av ting ho gjorde, og gamle/nye plasser ho utforska.
Her er eit lite utvalg av dei.

Rart å tenke på at ho for berre nokre måneder sidan knapt kom seg av flekken, mens ho no kjem seg overalt.

Desse bilda tok eg ein annen dag, då ho var opptatt av ei bok og "turna" mykje rundt den :)



mandag 4. juni 2012

Fotobok og framkalling

I perioder blir det lite tid til blogging. Når det td. dukker opp eit godt tilbud på framkalling eller fotobøker så blir dei ledige stundene brukt mykje til å holde på med dette. I forrige veke bestillte eg bilder til 2011-albummet vårt. Då brukte eg ein del tid i forvegen på å velge ut bilder eg ville framkalle, og redigere dei litt.

Og før eg holdt på med bilder eg ville framkalle så laga eg ei ny fotobok; "Week In The Life- 2 veker i april 2011".
Men no blir bildearbeid lagt vekk ei stund. Dei neste vekene står det bla. forberedelser av eit par bursdagsselskap på planen. Og så er det snart sommerferie for dei skjønne små :)

Litt fleire bilder fra fotoboka:
Første sida i boka

Nokre dager skreiv eg nesten heile dagsrytmen vår på ei side.

Ei bok full av kvardagslige bilder og detaljer.

Gutten min fekk låne kameraet nokre dager, så nokre av sidene i boka fyllte eg med bildene hans.


Kanskje ikkje så godt å sjå på dette bildet, men her er ei side med bilder fra guttens rom og ei side med bilder fra mellomstejentas rom.

Bilder tatt av gutten og mellomstejenta.


Eg gjorde WITL-prosjektet to gonger i fjor (før og etter at minstejenta kom til verden), og ei veke i 2010. Eg held for øyeblikket på med dette prosjektet atter ein gong for å ta litt vare på denne babytida som går så fort. Men når eg no er ferdig med det etter denne veka trur eg eg venter nokre år før eg gjer det igjen.