søndag 22. januar 2012

6 måneder allerede

Tenk at vår lille prinsesse har blitt 6 måneder. Kor har tida blitt av? No har ho blitt ei stor jente som dei siste månedane har lært seg å smile, le, få meir kontroll på kroppen og no har ho også lært seg å rulle.
Eg ammer ho fortsatt og ho har nylig begynt med to grautmåltid om dagen.

Eg burde kanskje ha reist til fotografen med ho snart, sånn som eg var med søskna hennar då dei var 6 måneder. Men foreløpig har det blitt til at eg har tatt bilda sjølv, og kanskje er det godt nok? For eg må innrømme at bildene av søskna ligg nedpakka i ei eske (etter at vi malte veggen der dei hang)... Og kanskje tar eg så mange bilder no for tida at eg rett og slett ikkje treng enda fleire som eg attpåtil må betale ein god del for. Men då hadde eg jo fått nokre proffe bilder også. Hmm... eg har ikkje heilt bestemt meg enda.

Babyansikt

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)