lørdag 9. juli 2011

Hekla amigurumier og små luer

Desse hekla eg for mange måneder sidan, skilpaddene var det jentene mine som ønska seg. Og no endelig fekk eg satt meg ned og montert delane sammen (no mens eg likevel går heime og venter på at *lille* skal bli født). Ein del små feil er det alltids, men ikkje så gale til å vere mine første amigurumier...

Den gongen hekla eg også eit par luer, som blei litt mindre enn eg hadde tenkt meg. Men små dukker kan alltids bruke denne... I dag festa eg endelig trådane.

Denne lua blei litt større, og passer til litt større dukker. Eg brukte øyrene som egentlig var tiltenkt den mindre lua på denne lua istedet. Så har eg iallfall laga ei lue med øyre på -noko som var målet mitt.

1 kommentar:

  1. Kjemåpesøte amigurimier!! Og lue med øyre på, åååå:D Nusselig!!

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)