søndag 3. juli 2011

Vekesbilder til 365 albummet

Eg og jentene speler UNO. Dei har også laga seg ei liste med spel som dei skal spele kvar dag i ferien. Så nokre dager speler dei kun dette spelet, eller så speler dei gjerne fleire ulike spel.

Grillings

Eit glimt fra pauseinnslaget på tv'en

Eldstejenta vatner blomstrane

Dei første bleiene vi har fått i hus, og no nærmer det seg kanskje at vi får bruke dei! 

Den nye vogna står fortsatt nedpakka, men snart skal eg trille baby i den :)

Ungane har kvar sin fuglekasse, og i den eine var det eit reir med fugleunger i!

Lillelammet som får melk på flaske. Vi har også kyr på gården som reiste på "ferie" til fjells i dag, og då fulgte lillelammet og familien dens med. No må det klare seg på gras.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)