mandag 28. februar 2011

Min sjørøvergutt

Eg er vant til å kle opp og sminke små prinsesser som skal på karneval, men no har gutten tatt over- og han ville vere kaptein Sabeltann på årets karneval.
Vi har fleire prinsessekjoler i hus, så no var det på tide at også minstemann fekk noko gøy å kle seg ut med. Då passa det godt at han hadde bursdag rett før karnevalet og kunne få ein sjørøver-pakke på dagen sin.

Prøver meg på litt sjørøver-sminking. Ser at eg skulle ha laga "arret" litt annleis, men pytt...

Sjørøverpakken inneholdt sjørøverhatt, øyrering, krok, augelapp og sverd (i plast). Sjørøverhatten hadde han på seg, men han brukte heller storesøsters sverd og sjørøverskjorte -desse laga ho då dei hadde sjørøver som tema i barnehagen for mange år sidan. Skjorta er ei av pappaen sine gamle, den er blitt klippt i og malt på.

søndag 27. februar 2011

5 år!!

Minstemann blir større og større, og denne måneden blei han 5 år!
I barnehagen fekk han krone og bananbåt, og til selskapet sitt her heime bestillte han traktorgele.
På sjølve bursdagen fekk han gaver fra oss og søstrene om morningen. Fra søstrene fekk han ein stor bil med henger, og traktor oppå. Og fra oss fekk han litt sjørøverting (som han kunne bruke på karnevalet dagen etter) og nintendo ds.

Egentlig synest eg at han kanskje ikkje har så stort behov for nintendo heilt endå, men så er det noko med at når storesøstrene har kvar sin så er det kjekt for han å ha ein også. Spesielt når det er ferietid, og jentene sit og speler.... Foreløpig ser eg helst at han får litt hjelp fra storesøstrene når han speler, mens han sjølv meiner at han klarer det fint å på eiga hand (forståelig nok)  ;)

Apps for barn og personlige hårbøyler

Det siste innlegget eg skreiv for Foreldremanualen handla om korleis lage sine eigne, personlige hårbøyler.

Og også eit nytt innlegg om fine og gratis apps for barn.

tirsdag 22. februar 2011

Ja, her bur det barn #10

Eldstejenta har ei dobbeltside fra ein H&M katalog hengande på veggen. Det er nok ikkje pga kleda, men heller pga dei fine hestane :)

Ei av fleire bokhyller med barnebøker som vi har ståande. Om eit par tiår er kanskje dette bildet kun eit minne frå ei tid som var...

søndag 20. februar 2011

Heimelaga stoff-blomster *steg-for-steg*

Desse stoff-blomstrane er laga av mellomstejenta, og kan brukes bla. til scrapbooking og andre ønskelige prosjekt. Man kan også lage liknande blomster i papir.

Eg laga også sånne blomster, så først laga eg runde maler i ulike størrelser (som mellomstejenta også kunne bruke). Og deretter tegna vi rundt desse malene på ønska stoff.

Mange rundinger i ulike stoff

Og til slutt limte vi tre rundinger i ulik størrelser opp på kvarandre, og satte ein knapp øverst.

lørdag 19. februar 2011

Utekos og kvardagslykke

Gå ein liten tur med familien i skogen og grille pølser

Drikke varm kakao

Sjå på naturens små kunstverk..

.. og minstemanns små påfunn- to pølser er bedre enn ei :)

Utekos og kvardagslykke

torsdag 17. februar 2011

Basar, morsdag og valentine

Forrige dagen var vi på basar, vinnerlykka var ikkje så stor denne gongen- men det er koselig og spennande å vere med. Minstemann fekk tida til å gå med småbilane sine.

Til morsdagen fekk eg bla. denne nydelige buketten. Jentene hadde skreve fine kort til meg, og minstemann hadde laga ei fin morsdagsgave i barnehagen.

Denne hjertelige sjokoladekaka baka vi og tok med oss på basaren.

Vi pleier ikkje å gjere noko særlig ut av valentinsdagen men eg la sånne lapper på middagstallerknane til alle i familien denne dagen. Her er den eine hengt opp på blomstervasen.

tirsdag 15. februar 2011

Ein søt award

Denne søte awarden har eg fått fra HildeM- tusen takk  

Utfordringa som fulgte med var at eg skulle skrive 3 ting eg liker, so here goes: 
Eg liker 
  • å finne på koselige ting sammen med familien
  • å holde på med div hobbyting td. scrappe
  • at sola snart kjem tilbake 
Eg skulle egentlig ha sendt den vidare til nokon, men tenker at viss nokon vil ha den så kan dere få ta den med dere (som takk for at dere stakk innom meg) :)

søndag 13. februar 2011

Min første amigurumi

Då har eg sett sammen delane til den første amigurumien min, og så fallt eg for fristelsen og pynta den litt med skjerf, skjørt og blomst ved øyret :)

lørdag 12. februar 2011

Man lærer litt kvar gong (om hekling)

Etter å ha hekla litt amigurumi-deler og blomster, prøvde eg å hekle ei lue til Blythedukka. Sånn blei resultatet.... Eg brukte antakeligvis ei litt for lita nål og ein tynnere tråd enn det oppskrifta sa.
Men vi skal nok finne ei dukke den kan passe til.

Eg lærte at det kan vere lurt å prøve lua etterkvart som man hekler for å få den i riktig størrelse. Så på andre forsøk gjekk det mykje bedre :)

torsdag 10. februar 2011

Den nye Disneyklubben

Vi har ein del Disneybøker, sidan både eg og eldstejenta mi var med i Disney-bokklubben då vi var små. Men det er jo komt nye eventyr sidan den gongen, og derfor har eg innimellom vurdert å melde ein av dei to minste inni Disney-bokklubben igjen. Men sidan det ikkje har vore sjanse for å kunne avbestille bøker der (trur eg), så har det ikkje vore aktuelt å melde dei inn- for då kunne eg jo risikere å få ein heil masse bøker som vi hadde fra før.

Men no har Sandvik/Goboken starta ein ny bokklubb; Disneyklubben og der er det mulighet til å avbestille bøkene. Derfor har eg meldt minstemann inn i denne, og vi har til no mottatt tre bøker som vi ikkje har fra før. I tillegg til bøkene så følger det også med eit Logolino-spel med nye aktivitetshefter kvar gong.-sjå bildet- Det minner meg om sånne spel som vi hadde på skulen då eg var liten  *gøy*

tirsdag 8. februar 2011

Garn-shopping

Eg var innom hobbybutikken forrige dagen for å kjøpe sånn som man kan fylle amigurumier med. Eg har hekla fleire deler no, så det gjenstår berre å fylle dei og sette dei sammen (når lysten og tida er der). Samtidig tenkte eg at eg berre skulle sjå litt på garnnøster for å sjå kva farger dei hadde inne... og endte opp med alle desse fordi det viste seg at dei var på halv pris *jippi*
Etter å ha hekla amigurumi-deler, hekler eg no på dukkeluer... som eg håper etterkvart kan bli store nok til ein baby :)

Nytt gjesteblogger-innlegg: 8 fine og gratis apps for dei minste

 Besøk Foreldremanualen for å lese det siste innlegget eg har skreve for dei: 8 fine og gratis apps for dei minste (for iphone og ipod touch)

lørdag 5. februar 2011

I fjøsen er det liv året rundt

Sjølv om det er vinter og kaldt ute, og verden kanskje føles som at alt går i det samme. Så er det ein plass der det alltid er liv og ting som må gjerast. Kvar dag må dyra ha stell, og om kvelden er gjerne ungane med.
Kaninen flytta inn i fjøsen då det blei kaldare ute, minstemann får brukt sykkelen her inne når det ikkje er mulig å sykle utendørs, og ungane har mange dyr dei kan kose med og ta seg av.

onsdag 2. februar 2011

Barnets første år- bøker

Sidan vi no venter ein til var det på tide å gå gjennom babybøkene til ungane for å sjekke at dei er mest mulig utfyllt. Eg liker bøker der det er mykje som skal fylles ut, men må likevel innrømme at eg var flinkest med den første, og grei nok med den andre og så har den minste si bok blitt litt mindre utfyllt. Men no tok eg eit tak og fyllte ut det eg klarte (har jo heldigvis gjort meg notater underveis som eg kunne slå opp i).

Eldstejenta har boka "Min egen minnebok" fra Sandvik.

Eg har lenge vore glad i Anne Geddes sine babybilder, derfor fekk mellomstejenta Anne Geddes' "Mine fem første år" då ho var lita.

Minstemann fekk boka "Da jeg var liten", kjøpt hos NotaBene i 2005. Eg har sett den no i seinare tid også, så eg vurderer å kjøpe denne til den lille i magen (viss eg finn den). Eller kanskje Babykrøniken...
Eg har egentlig vore fornøgd med alle desse bøkene, men liker nok best denne som minstemann har. Den kan også kjøpes i fargene blå og rosa.

Har dere hatt sånne bøker til deres barn? Kan dere anbefale andre bøker?