torsdag 29. juli 2010

Dyra på Langedrag

Det er litt kjekt og spennande å sjå sånne dyr som man ikkje ser "kvar dag". Her er eit knippe bilder av nokre av dyra vi såg på Langedrag. Mange av desse er inngjerda, mens nokre går fritt.


Ein litt nærmare titt på denne flotte pusen


Søt

Eit par staselige hester

Der var mange geiter som gjekk fritt



Fjellreven var ikkje så lett å få auge på, men vi såg den etterkvart..

Ei gaupe som nyter livet, her med ei pause i kattevasken som ho (?) holdt på med

Reinsdyr er også flotte dyr


Og ulven... som ikkje virker så stygg og farlig som eventyra vil ha det til

tirsdag 27. juli 2010

Vi på Langedrag

Vi var ein tur innom Langedrag i ferien. Vi har vore der ein gong tidligare, men den gongen var eldstejenta 1 år. No tok vi turen igjen.


Det er fint på Langedrag. Mange av dyra går fritt, og borsett fra geitene som kan vere litt påtrengande (spesielt når man kanskje vil ete), så er dei alle rolige. I tillegg så har dei jo også bla. gaupene, ulvane, reinsdyra og fjellrevane som er inngjerda.


Det er koselig å få komme så nært innpå dyra og vere ein del av den rolige og fine atmosfæren som er på Langedrag.

søndag 25. juli 2010

Skogsstemning

Sola klarer så vidt å trenge seg gjennom blader og tre

Kyrne er på vei til skogs for å ta "sommerferie"

Ei stille og rolig stund i skogen
(mulig at grønnfargen tok litt overhånd då dette bildet blei redigert *hehe*)

torsdag 22. juli 2010

Ein liten titt innom

Innom ein tur i blogghjørnet mitt. No er vi heime fra ferie :)
Eg har fått opp beskjed om at blogg-bakgrunnen min snart vil forsvinne, så eg må finne meg ein ny. 
No har eg lagt inn ei blogg liste med bloggene til nokre av dei som lager scrapbooking produkter, her finnes det mykje inspirasjon og ideer å hente, i tillegg til ein titt på nokre av produkta deira.

Oppdatering: Eg slapp å bytte bakgrunn  *jippi*

søndag 11. juli 2010

Eg og jentene drodler i bokstavane våre

Etter å ha surfet litt på nettet og komt over masse inspirasjon fekk eg lyst til å drodle.
I eit innlegg hos Scrappehuset blir drodling forklart på denne måten: "Drodling betyr å tegne og leke seg med et skriveredskap."
Og på Papirgleders kreative sider fann eg denne betydninga: "Definisjonen på drodling er som følger; "intetsigende eller humoristisk tegning utført som tidsfordriv eller i distraksjon""


Eg tenkte at eg og jentene skulle dekorere forbokstavene våres med drodling, klippe dei ut og deretter lime dei i "kreative dagbøkene" som vi skal lage på ferie.


Jentene fallt fort for ideen, og etter å ha laga ein bokstav så forsatte dei å lage alle bokstavane i navna sine.
Desse små notatbøkene har eg kjøpt for at vi skal kunne drodle og tegne ned ideer som vi får på td. bilturen for så å lime dei inn i dei "kreative dagbøkene" (eller kunsdagbøkene/art journals'ene som vi også kaller dei).


Etter at vi laga desse bokstavane ein kveld, har dei spurt kvar dag om vi ikkje kan tegne litt meir i notatblokkene våre. Så dette var tydelig noko dei likte.
Eg trur ikkje eg har tålmodighet til å sitte å drodle sånn når eg er aleine, men det er veldig koselig å gjere det sammen med ungane.

Her las eg litt om drodling og fann masse inspirasjon:
Papirgleders kreative sider- Drodler du?
Papirgleders kreative sider- Drodling av Sofie Magnusson
Draw doodle and decorate Ein blogg full av inspirasjon!
The Scribble Project

lørdag 10. juli 2010

Scrappegodis fra ebay

Dekorativ tape som eg og jentene skal bruke i "art-journals"'ene våre :)

Det er alltid kjekt å få sånne pakker, sjølv om eg veit kva som er oppi dei.

Eg bruker ein del bling, så no har eg litt å ta av. To pakker med Mikke mus bling (det passer perfekt no når eg skal begynne å scrappe Florida-bildene), runde bling i ulik størrelse og rosa halvperler 

fredag 9. juli 2010

Insekt på nært hold

Dette insektet kom eg over då eg rydda på "garderoberommet" ... kanskje hadde det komt seg inn ved å henge seg på eit eller anna klesplagg når vi hadde vore ute?...  No var det iallfall komt innendørs.  Og sjølv om det hender seg at vi har både insekt, edderkopper og fluer i hus så blei eg litt overraska då eg såg dette for det var ganske stort og eg hadde aldri sett sånne før.

Eg fann fram makro-linsa og knipsa nokre bilder. Ved første augekast virker insekt så ekle, men når man har tatt litt bilder og studert dei litt, så virker dei kanskje ikkje så skumle likevel ;) (eller så oppdager man enda fleire ekle detaljer).

Den var på størrelse med peikefingeren min...
Sjølv om eg ikkje har sett dette før, så søkte eg på vanlige biller på internett. Og ganske riktig... det tok ikkje så lang tid å finne ut kva det var: Dette var ein løvtrebukk.

Eg og ungane tok den oppi ein plastboks med hòl i lokket for å studere den litt nærmare. Ungane syntest det var litt spennane og litt skummelt, men det er veldig greit å studere eit insekt når ein har dei oppi ein boks for då er vi trygge for at den ikkje kan finne på noko. Litt seinare sprang eldstejenta oppi skogkanten og slapp den ut i det fri.

onsdag 7. juli 2010

Eldstejentas kreative hjørne 2

Då vi ommøblerte litt i stova, blei det ein liten krok bak godstolane våre. Dette benytta eldstejenta seg av og laga seg ein kreativ krok bakom stolane; ein krok der ho kunne legge utover Top Model tinga sine og alt det som høyrer med.

Jentene (på snart 7 og snart 10) er glade i å tegne i Top Model bøkene sine. Dei har fått både bøker, tusjer, klistermerke og div anna tilbehør i jule- og bursdagsgaver. Og dei tegner og lager flotte kreasjoner på modellane i bøkene.

Bursdagsoverraskelse på jobben

Eg har bursdag midt i ferien, så derfor laga dei på jobben til ein overraskelse-frukost til meg siste dagen på jobb før ferien. Eg hadde seinvakt så då hadde dei litt tid å klargjere det på. Dei hadde laga til langbord med prinsesseduk på, og mykje godt til frukost :)


Ungane og dei voksne hadde samarbeida og laga både krone og kort til meg, og så fekk eg denne skjønne skåla i gave :)

Kjempekoselig å starte jobbedagen sånn :)

tirsdag 6. juli 2010

Minstemann passer på at hesjinga går riktig fòr seg

Minstemann elsker å hjelpe til med gårdsarbeid, men då fotoapparatet kom fram tok han ei lita pause fra det heile mens han passa på at dei store gjorde skikkelig arbeid. 

mandag 5. juli 2010

Forbereder telt-ferie + pakkeliste

Så var ferien begynt, og då kan eg begynne å planlegge telt-ferien vår. Når eg søker etter sider om telt-turen så er det ikkje så mykje som dukker opp. Enten står det om telting ute i naturen, eller så er det tonnevis av sider og info om campingbiler og campingvogner. Men no når vi har telta på campingplass eit år før, så veit vi meir kva vi går til. Og vi satser på at det blir like koselig som i fjor.

I tillegg til vanlige ting som man pleier å ha med seg på tur (som td kle og anna nødvendig), så er det ein del andre ting vi også tar med oss når vi skal på tur med telt. Eg har ikkje funne pakkelista mi frå i fjor, men dette er ting eg har komt på til no at vi bør ha med oss:
  • Telt
  • Lappesaker til telt
  • Presenning til å ha over teltet i tilfelle kraftig regn
  • Liggeunderlag (eg tar med ei pute til meg sjølv denne gongen for litt ekstra komfort)
  • Soveposer
  • Piknik-teppe
  • Tepper til å ha i bilen, og til å ha ute om kveldane
  • Campingstoler og campingbord
  • Lommelykter
  • Oppvaskbalje, zalo og oppvaskbørste
  • Vaskemiddel til kle
  • Tørkesnor og klesklyper (eller man kan bruke bildører eller telt-snorer til å henge kle på)
  • Primus
  • Lampe til å ha inni teltet (såg nokon som hadde det i fjor, så i år vil vi også ha det)
  • Mygglys
  • Plastbokser til å ha mat og kjøkkenutstyr i, og også ting som ikkje tåler fukt så godt.
  • Plastbestikk og papptallerkner
  • Kjøleboks og fryseelementer 
  • Skjøteledning (?) (så vi kan lade fleire ting samtidig om vi kjem over litt strøm)
  • Mat som ikkje treng å stå i kjøleskap (bla. knekkebrød, nugatti, syltetøy, frukt, kjeks)
  • Ting å holde på med: hobbyting, håndarbeid, bøker, spel, litt leiker m.m
  • Tørkepapir 
  • Våtservietter
  • Poser til boss
  • Myggstifter og kløstillande salve
Dette var noko av det ekstra vi treng å ha med oss på telt-ferie :)
Vi kan ikkje bestemme oss for reisemål endå. Vi venter til nokre dager før avreise, til vi ser kor det er finast vèr (eller minst regn).

Dette innlegget er med i månedens tema hos Foreldremanualen: Reise med barn