tirsdag 29. januar 2013

Ein plass til hårstrikk

Denne gode ideen fann eg på pinterest. Med tre jenter i hus (+ meg) så blir det ein del hårstrikk, og tidligare har vi oppbevart dei i bokser og kurver. No prøver vi denne måten... karabinkroker som eg fann på Clas Ohlson.


Eg har også brukt nokre ringer som eg har kjøpt i scrappebutikk (kjem ikkje på navnet på desse). Desse bruker eg også til å samle fleire zip lock poser på, med bling og anna smått til scrapping.


No er det mykje enklare å finne dei strikka vi treng både når det gjeld farge og form. Minstejenta bruker små strikk, mens dei eldste bruker større strikk.
Idèen kjem opprinnelig herifra.




mandag 21. januar 2013

Status: Project Life og fotoalbum

For nokre veker sidan bestillte eg litt "Project Life- nødvendigheter" og desse kom i posten i dag-det er like kjekt kvar gong :)

Eit par album til 2013 bilda, ein pakke med mønsterark, pakker med fotolommer og kort til å skrive tekster på.

Eg held på å skrive tekster til bildene fra 2011. Eg sit gjerne på hobbyrommet med dette (om kveldane), men nokre gonger tar eg med meg ein liten bunke kort, penner og album og sit i stova sånn at eg kan vere i samme rom som ungane.

Her er vekeplanane eg har laga i Word. Kvar veke skriv eg litt notater om kva vi gjer og er med på i ein sånn vekeplan, og set den inn i årets album. Det blir ein slags "Week-in-review". Då har eg allerede ein del av teksten fra den aktuelle veka klar, og det mangler kun bilder og litt fleire små tekster.

I det siste har eg printa ut bilder fra nettet i størrelser som passer i ein liten fotolomme (ca 10 x 7,5 cm). 
Mange av desse har eg kjøpt på etsy.com, men eg har også printa ut anna gratis grafikk som eg har funne på nettet.
Siluett-prinsessa med rosa kjole er fra BabyStar Design, dei andre er fra Digi Web Studio.

Mange av korta med barnemotiv tenker eg å bruke i ungenes barnehage- og skulealbum.
Uglene, pingvinene og matryoshka'ene er fra Pixel Paper Prints.
Kaffikoppane er fra Illustree .

Digitale stempler som eg har printa ut på 10x15 cm kort, akkurat passe store til ein fotolomme. Nokre har eg begynt å fargelegge...
Desse er fra Hannah Lynn Art.


Mange av bilda eg har lagt ut her i det siste er bilder eg har delt på instagram. Bilder fra minstejentas album har eg jo vist her før, men tar med desse her enda ein gong.
Øverst til venstre er den fine framsida til albumet.

Her vises den litt bedre. Dette er eit nydelig mønsterark fra Graphic45, og eg klarer ikkje å klippe i det eller legge på pynt eller bilder fordi den er fin akkurat som den er. Derfor bruker eg den som forside i albumet.


Her er eit anna prosjekt eg blei ferdig med rett før 2012 var over. Det er alltid like godt å holde eit ferdig album eller ei fotobok i hendene. Av og til blir eg litt lei av å holde på med ei fotobok, redigere bilder og skrive tekster.... men eg elsker å få eit ferdig produkt i hendene som eg kan dele med familien. 
I Becky Higgins' nettkurs som eg tok før jul delte ho eit sitat: "Begin with the end in mind", og akkurat det føler eg at eg gjer når eg held på med fotoalbum/-bøker. Det er ikkje alltid like kjekt, men når eg tenker på resultatet så er det alltid verdt den tida det tar :)

No er "Digital Project Life"- nettkurset som eg tok ferdig. Eg veit ikkje kor mykje eg kjem til å bruke denne måten å lage album på, eg føler eg sit nok med dataen som eg gjer... Men her er den første digitale PL- sida eg har laga. I første omgang skal eg bruke metoden i eit Florida-/cruisealbum. Det er 3 år sidan vi var der, så eg stresser ikkje med å få det gjort- men vil jobbe med ei side eller to i ny og ne.

Det siste nye innen Project Life er at Becky Higgins har inngått samarbeid med American Crafts, noko som vil seie at vi forhåpentligvis kjem til å sjå mange av hennar produkter i norske nettbutikker i løpet av våren *krysser fingre*. Det var nylig CHA i Amerika (ei stor messe for amerikanske hobbyprodusenter) og der blei det lansert mange nye Project Life kolleksjoner *spennande*
På Becky's blogg kan du lese hennar CHA-oppsummering, og sjå  produktkatalogen hennar med alle dei nye kolleksjonane.
Mange andre scrappeprodusenter kjem også med produkt som kan brukast på samme måten (og litt er der allerede fra før).

tirsdag 1. januar 2013

Status: Project Life og fotoalbum

Så var jula over. Hobbyrommet som har vore fyllt med gavepapir og andre prosjekter i førjulstida har no blitt rydda vekk, og fotoalbuma er funne fram igjen. I går jobba eg med feriealbumet for 2012 (bildet ovanfor), og blei ferdig!! Det tar tid å lage eit album, men det er så godt når man har det endelige resultatet i hendene.
Det kjem muligens fleire bilder fra dette albumet seinare.

Eg har brukt ein del kort fra Becky Higgins' "Clementine-kit" i dette albumet, i tillegg til anna scrappepynt og mønsterark som eg hadde liggande.
Bildet ovanfor er ein kollasj med fire bilder.
Øverst til venstre er bildet av sjølve albumsida. 
Bildet oppe til høgre viser kortet (10x15 cm) som er fra Clementine-kit'et.
Bildet nede til venstre viser eit bilde (10x15 cm) med fire mindre bilder på. 
Og det nederste bildet til høgre viser eit kort (10x15 cm) som gutten min har tegna ein traktor på.

I Project Life 2012 (familiealbumet vårt fra 2012) har eg ingen bilder enda. Mange av dei som held på med Project Life framkaller bilder ofte, gjerne kvar veke. Mens eg har valgt å vente til året er over før eg framkaller bildene eg vil bruke. Men teksten har eg.
Gjennom året har eg brukt vekeplaner som eg har fyllt med notater fra den aktuelle veka. Desse har eg laga i Word i størrelsen 10x 15 cm (sånn at dei passer i ein fotolomme).
Eg skriver også ned notater og minner i "Awesome Note"-appen som eg har på iphonen. Desse tar eg fram igjen når eg skal skrive tekst til bildene mine.
Eg har også laga ein mal med seks tekst-felt i Word... Desse printer eg ut og får tekst-kort med maskinskreven tekst. Det kan vere tekst eg skriv sjølv eller noko eg kopierer fra ei nyhetsside el.l. Eg har også satt inn bilder i desse, som ovenfor der eg har bilder fra filmen "Modig" og "Kon Tiki" som vi såg på kino.

Status på albuma mine: 
Feriealbum 2012 er ferdig. 
PL 2012 må eg framkalle bilder til, men det haster ikkje enda. 
No held eg på med PL 2011. Dette blei satt på vent fordi eg ville bli ferdig med feriealbumet først. Bildene er komt på plass, så no gjenstår det å skrive tekst til bildene.
Eg venter også på "Childhood-kits" og "Baby-kit" som eg har bestillt herifra :  Project Life i Europa . Desse kjem forhåpentligvis i løpet av neste måned. Då kan eg fortsette på minstejentas babyalbum, og etterkvart begynne på ungenes barnehage- og skulealbum.

Eg tar også eit par PL nettkurs:
I slutten av 2012 tok eg Becky Higgins' Project Real Life hos Big Picture classes


søndag 16. desember 2012

Førjulsstemning

Førjulstida går fort. Fokuset blir på familien, koselige stunder, litt besøking, kjøp og innpakking av gaver, sending av gaver og julekort, og alt anna som høyrer denne koselige og litt hektiske tida til. Her er eit knippe instagram-bilder med førjulsstemning.

Kvart år har vi kalender-lys som vi teller ned dagane på

Juleverksted

Hjerter i boks

Kakebaking

På jobben min i barnehagen tegner og maler vi julemotiver på vindua. I år var det eg som blei satt på denne oppgåva på avdelinga mi.

Adventpynting

Ungane pynta huset heilt aleine i år, mens eg laga risboller

Koselige stemning på museet med hus fra gamle dager

mandag 3. desember 2012

Project Life for nybegynnere


Har du ikkje høyrt om Project Life før? Eller vil vite meir om det grunnleggande ved denne enkle måten å ta vare på minnene på?
Les Becky Higgins' blogginnlegg: Advice for Project Life NEWBIES

lørdag 17. november 2012

Vi har prøvd Piano gele og sjokoladepudding

Som Buzzador får eg prøve ut nye produkter og tjenester mot at eg fortel andre om dei, og denne gongen fekk eg og familien min prøve Piano gele og -sjokoladepudding. Nærmare bestemt eplegele, appelsingele, jordbærgele og melkesjokoladepudding.

Desse dessertene går an å forme, dekorere og forme til gøyale figurer. Dei kan brukast både til kvardags, i bursdager og ved andre festligheter, og dei er klare til å etast med ein gong :)


Vi i familien (og dei vi delte geleene med) har litt ulike meininger om desse produkta.
Vi voksne syntest geleene var heilt ok, men det er mange andre desserter vi liker bedre. 
Sjokoladepudding er derimot ein av mine favoritter, så eg (og eldstejenta) likte melkesjokoladepuddingen (det gjorde ikkje mange av dei andre). 
Jordbærgeleen var det mange som likte, mens eple- og appelsingeleen blei ete litt mindre av.


..............................................................................................

Vil du vite meir om det å vere Buzzador så kan du lese mitt første innlegg her: Eg har blitt Buzzador


onsdag 7. november 2012

Slik lager eg barnas adventskalendere


Det første eg gjer når eg begynner å forberede barnas adventskalendere er å sjekke eskene eg har med gaver  (sidan eg har eit lite gavelager på loftet). Då finn eg ut kor mange kalendergaver eg har, og kor mange eg evt. må handle inn.

Eg lager eit enkelt skjema for å sjå kva eg har. Eit skjema med 24 dager, og barnas forbokstaver på toppen. Det gir meg oversikten på kva eg kan gi, og kor mange fleire dager eg treng gaver til.

Eg kjøper kalendergaver gjennom heile året. Når eg kjem over noko som kan passe til mine små så kjøper eg det og lar det ligge på gavelageret mitt til november/desember nærmer seg.

Når alle (eller nesten alle) gavene er i boks så er det tid for å pakke dei inn. Kvart barn har sin eigen pose som eg oppbevarer dei innpakka gavene i til eg får hengt dei opp på kalenderen.

Eg prøver å ha litt kontroll på det eg pakker inn. Eg lager eit nytt skjema. Og når eg har pakka inn ei gave, merker eg den med eit tegn. Deretter skriver eg i skjemaet kva som er inni pakken med det aktuelle tegnet.
Når eg skal henge gavene på kalenderen prøver eg å gi dei litt "kjedelige" gavene (som klesplagg, reflekser o.l) på dager der barna skal på skule eller i barnehage. Mens dei får ting dei kan holde på med og leike med dei dagane dei har fri.

Så er det på tide å henge gavene på kalenderen. Eg bruker to kalendere som bestemor har brodert. Den eine er det god plass rundt tala på, mens denne på bildet har tala ganske tett. Derfor får ikkje alle gavene  plass på denne...

Nokre av gavene er for store eller tunge til å henge på kalenderen. Derfor gøymer eg desse gavene rundt omkring i huset, og lager "skattekart" eller gåter på lapper som eg henger på kalenderen. Dei mellomste ungane elsker å finne gavene sine på denne måten :)
Og her kjem også viktigheten av å merke gavene med tegn etterkvart som dei blir pakka inn.
Når desse store/tunge gavene ligg i ein pose, så er det enkelt finne pakken med det riktige tegnet og deretter gøyme den på rett plass kvelden før den skal finnast.

Og for å vite kva pakker som skal gøymast kor og kortid så må eg skrive dei opp i almanakken min for å hugse på dei. Og ja... det har likevel hendt at eg har gløymt å gøyme ein pakke eller at eg har gøymt den på feil plass. Men det er sånt som kan skje.... Sjølv om det ikkje skjer så ofte så forbereder eg ungane på dette, sånn at dei ikkje blir skuffa om dei ein dag ikkje finn gaven sin der den egentlig skal vere ;)

Så sånn såg kalendarane til dei to mellomste ut i fjor. Eg måtte merke dei med navn (på rosa lapp) 1. desember sånn at dei visste kven som var kven sin.

I fjor var eg litt usikker på korleis eg skulle gjere det med kalendarane. Eg hadde to broderte, men tre barn å lage kalender til. Så heldigvis syntest eldstejenta at det var heilt i orden at ho fekk gavene i ein kurv istedet... og då blei det også mindre jobb for meg med tanke på å henge dei opp og ha system på kva dager ho evt. måtte ha fått skattekart/gåte-lapper.

For å kanskje minske denne store kalender-jobben som eg lager meg kvart år, så spurte eg barna om dei ville ha kjøpte kalendere i år. Og 6 åringen min ville gjerne ha lego-kalender, så det skal han få.
Dei to eldste vil ha heimelaga kalender, og det er greit. Det er jo ikkje så mange kjøpte kalendere som passer for dei, bortsett fra dei med godteri i.

I dette innlegget har eg skreve ned nokre kalendergave-tips:

Bildene i dette innlegget tok eg i fjor. Til no i år har eg funne kalendergaver og kjøpt inn littegrann. Men ein av dei neste dagane skal eg sette meg ned og pakke dei inn også.
Gleder meg til adventstida :)


tirsdag 23. oktober 2012

Project Life: Childhood Edition

No har "barndoms-kolleksjonen" (the Childhood Edition) blitt tilgjengelig for forhåndsbestilling, så eg har bestillt nokre av desse til barnehage-og skulealbumma som eg lager til mine små.
Kolleksjonen ovenfor heiter "Mayfield edition".

Sånn ser dei andre kolleksjonane ut:
"Bridgeport edition"

"Wellington edition"

Bildene er lånt fra dette innlegget hos Becky Higgins: introducing: the Childhood Edition. I dette innlegget er det fleire bilder og også ein video med meir informasjon.


Click to Pre-Order Project Life Childhood Mini Kits