torsdag 8. april 2010

Vår

Det går an å springe på graset og fange bobler

Akebretta har på kort tid blitt erstatta med sykler



If we had no winter, , the spring would not be so pleasant
Anne Bradstreet

Dei skjønne, små stolstolane er henta fram

På trappa har det dukka opp ein liten familie (eg kjøpte desse skjønne pinnsvina på Nille)

Ting blir rydda vekk

This is why I scrapbook



Ein fin og tankevekkande videosnutt om kvifor denne jenta scapper. Fin å sjå både for scrappere og også dei som ikkje scrapper.

Her er link viss du vil sjå den på youtube: Why I Scrapbbok

Og her er bloggen hennar: Shimelle.com - Pretty papers. True stories.{and scrapbooking classes with cupcakes} Den er inspirerande, lærerik og full av inspirasjon.

mandag 5. april 2010

LO: Lita og god.. og full av fant


Ein LO eg scrappa i helga, av ei herlig jente som fann på mange fantestreker då ho var mindre :)

søndag 4. april 2010

Scrap om deg sjølv


Når eg scrapper så blir det gjerne til at det er ungane eg scrapper om. Sjelden meg sjølv. Tanken har jo vore der, for det er jo viktig å scrappe si eiga historie og sine eigne tanker også...

I går kom eg over ein flott blogg med mykje god inspirasjon; Scrapbooking from the Inside Out. Her var det mange gode ideer til korleis scrappe seg sjølv og følelser/tanker som ein har. Ein lærer kanskje også seg sjølv bedre å kjenne ved å bruke desse ideane.
Tema som blir tatt opp er td. nostalgi, medfølelse, tap, håp, styrke og trygghet. Dei skriv litt om temaene, har utfordringer, tips til korleis ein kan skrive teksten og også mange fine stitat til kvart tema.

Scrapbooking er ikkje berre ein hobby der ein kan lage fine sider og ta vare på minner. Scrapbooking kan også vere terapi. I tillegg til å scrappe dei fine stundene og gledene i livet, så kan ein også scrappe dei vonde tankane og følelsane som det kanskje er vanskelig å snakke om.


"The words can be bland and uninspiring to the public eye but to you they are the tears and smiles from your heart. More importantly, words have the power to heal." ~ Sandra Schubert 

Her er fleire linker som gir tips til korleis scrappe om seg sjølv og kanskje lage eit BOM-album (Book of me):


Lage gryteunderlag

Hos Foreldremanualen har eg skreve eit innlegg om gryteunderlaga som jenta mi har laga.

lørdag 3. april 2010

Skjønne påskehøner

Denne påska har vi malt påskehøner. Eg kjøpte eit hobbysett med umalte høner fra panduro, og blei positivit overraska over at det faktisk var heile 10 høner i det. Då fekk ungane male kvar sine tre.

Det fulgte med maling...

... nokre høner blei rosa...

... og nokre blei rød...

.. og nokre måtte vente på at "hønekammen" skulle tørke før dei kunne få farge.

Desse tuppene er nesten klare, dei mangler berre..

..fjær. Legg merke til høna heilt til høgre (den røde og oransje). Den har ikkje fått mønster på magen, men den har på seg sånn sele som dei som hopper på stor trampoline har  :)

Dette var ein koselig aktivitet for alle  :)

torsdag 1. april 2010

Søte papirdukker

Eg kom over desse søte papirdukkene i dag (via link hos How About Orange), som man kan lagre og printe.
 Du finn dei her: Kireei- Cosas bellas . (Klikk på "recortables paperdolls" og deretter på "descargar/download").

onsdag 31. mars 2010

Mars er snart over.. liten oppdatering på heim, familie og hobby

No går vi snart over til april, den siste månaden har jammen gått fort. Litt av grunnen kan jo vere at eg har jobba ein dag ekstra kvar veke; så no eg ser litt fram til å ha mandagane fri igjen. Då får eg kanskje gjort nokre av dei større ryddeprosjekta som eg har planer om.

Når eg ser tilbake på månaden som har gått, så har den jo vore fyllt med små og litt større opplevinger
To søndager har vi vore på basar- der vi bla. vann fargeblyanter og dukker begge gongane. Eit par familieselskap har vi vore i, og eg har vore på to heim-skule-samtaler.

Eg hadde klubb i forgårs (og serverte fruksalat med is), og har også vore på jentekveld sammen med søstra mi og ei veninne.

Eit større prosjekt som vi begynte på i helga som var, er å dele opp det store, gode barnerommet som dei to minste deler. Mellomstejenta har lenge hatt eit ønske om å få ha sitt eige rom. 
Det er litt synd å dele opp eit sånt stort og bra rom, men eg skjønner ho godt. Eg trur det blir enklare for ho å halde det ryddig når ho kun har sitt eige å halde styr på. Og eg trur det blir godt for ho å få eit rom der ho kan ha alle småtinga sine, og ordne det sånn som ho vil ha det.
I skrivende stund er veggen mellom romma komt opp, og mellomstejenta synest ho får det riktig så koselig. Mens minstemann lurte på kvifor denne veggen skulle vere der :)

Littegrann scrapping har det blitt, og no har eg eit par LO'er som venter på å bli ferdige (ein LO blir sjelden ferdig i full fart her i huset). 
Eg held på å rydde hobbyrommet og prøver å få det litt "lettare", men må ta det litt og litt når eg veit at eg har litt tid til å få ting gjort. Eg har ein liten ìde om å begynne å arrangere scrappetreff, der dei som kjem kan få bruke av det eg har. Kanskje eg kan lære vekk ein ting eller to viss det er ønske om det.
Eg har jo hatt venner på besøk, der vi har scrappa eller laga kort, og dei har fått bruke mitt utstyr og betalt for pynt/ark som dei bruker. Men dette som eg tenker på no blir kanskje større... 
Når rommet er rydda skal eg tenke litt meir på det og kanskje legge ein  plan...

4H har spurt meg om å halde kurs på eit arrangement som dei skal ha. Eg holdt kurs for dei i fjor også, og det gjekk veldig bra. Det var ein god følelse å høyre at ungdommane syntest dei lærte noko og at dei hadde det kjekt. Eg må handle inn det dei skal bruke på forhånd, så no har eg bla. handla litt småting på ebay og i nettbutikker til dette formålet.

Ungane baka boller nesten heilt aleine i dag- så vi har kosa oss med boller både til lunsj og kveldsmat :)


I høst skreiv eg eit innlegg om Blythe-dukker, og no er snart denne nydelige dukka på veg hitover. Sånne dukker står også høgt på eldstejentas ønskeliste, så det er mulig at vi kanskje må dele på denne.