mandag 9. januar 2017

Ta vare på dei viktige kvardags-øyeblikka

For nokre dager sidan dukka dette minnet opp på Facebook'en min. Ein video som eg delte for 5 år sidan og som eg no måtte sjå igjen. Den traff meg rett i hjertet. Den minner meg på kvifor eg synest der så viktig å ta vare på dei små kvardags-øyeblikka gjennom bilder/video.

Tida du har sammen med ungene er så kort, og den herlige (og travle!) småbarnstida er plutselig over. Då er album og video verdifulle minner å ta med seg både for sin eigen del og familien.

Eg har sjølv følt på det med tid dei siste åra. Eg føler at eg har blitt flinkere på å styre dagen min, prioritere, eg gjer det eg MÅ og litt av det eg sjølv ønsker.
Men eg har i det siste lært meg sjølv enda bedre å kjenne. Eg har over tid prioritert vekk ting som betyr mykje for meg uten å vere klar over det, som bla. det å ta vare på familiehistorien og å gjere kreative ting.
No har eg gjort ein del små endringer som eg håper skal gi meg enda meir styring over eigen tid, og at eg skal få gjort litt meir av det som virkelig betyr noko for meg.

Sjå gjerne videoen og bli inspirert til å tenke over kva du sjølv ønsker å ta vare på av minner for deg og dine nærmeste.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)