Hei Eg er mor til fire og bur på eit lite gårdsbruk sammen med familien min♥
Bloggen har fulgt meg gjennom mange år og interesser. Den er fylt med alt fra mammaliv, hobby med barn, eigne prosjekt, scrapbooking, slektshistorie og mykje meir.
Du finn meg også her:
Facebook : "Linda Veberg Studio" Instagram: "Aivili" og
"Lindascraftycorner"
Ta bilde av noko dei små liker å holde på med. Spill og det dei speler på endres fort, og kan vere kjekt å sjå tilbake på. Dette bildet er tatt for nokre år sidan då ei av jentene mine spelte sitt favorittspel på pc'en. Legg også merke til mobilene som ligg ved sidan av :)
Min lidenskap er å ta vare på familiehistorie gjennom bilder og tekst, og eg ønsker å dele inspirasjon og ideer på denne sida- og kjem nok derfor til å bruke denne litt meir aktivt enn bloggen.
Manga av oss tar fleire bilder no enn tidligare, men kva bilder er kjekke å ha og kva kan man gjere med desse? Eg håper å kunne komme med tips som kan komme deg og familien din til nytte på denne sida. Og eg kjem også til å dele tanker om det å ha det bra med seg sjølv, mine og ungenes kreative sysler, og gi eit lite innblikk i kva eg held på med.
Tidligare laga eg ein del kort og hold på med ulike hobbyprosjekt. Det å kunne bruke ulike materialer og få lage noko har alltid gitt meg mykje glede.
Dette har blitt nedprioritert dei siste åra, og for nokre måneder sidan innsåg eg at det var noko som mangla i livet mitt. Noko eg trengte, men som ikkje var der... og det gjekk etterkvart opp for meg at det var nettopp dette- å kunne laga noko fordi eg hadde lyst til det og ikkje fordi eg måtte eller hadde bestillinger på det.
Så no "øver eg opp" kreativiteten min igjen, gjer det eg føler for og prøver å sette av tid til dette så ofte eg kan.
Det er viktig for meg å ta vare på mine forfedres historie, både for min eigen del og for ungene mine. Eg ønsker å gi barna mine eit innblikk i besteforeldre og oldeforeldres barndom/ungdomstid m.m. sidan den er så ulik vår eigen kvardag.
Eg synest det er spennande å sjå om nokre av mine barn har evner, interesser eller utseende som er lik deira forfedres.
Denne boka har mine bestemødre og mi svigermor fått at meg for å fylle ut til oss. Sidan to av dei ikkje lenger er blandt oss så er desse bøkene no verdifulle skatter for meg. Ei av bestemødrene mine er ikkje så glad i å skrive, så eg har besøkt ho nokre gonger for å skrive ned hennar historie. Boka hennar er fylt ut, og alle notatene eg gjorde er skreve i eit Word dokument.
Anbefaler alle (som har interesse for det) å gjere dette...før det er for seint.
Treng du eit morsdagskort til i morgon? Eg har laga eit kort du kan få.
Klikk på bildet, lagre det på eigen pc og print det ut.
Du kan td legge det inn i ei Word fil og skive det ut derifra, eller du kan skrive det ut som eit bilde. Du kan printe på vanlig papir, kartong eller fotopapir.
Del gjerne linken med andre som du kanskje kan ha nytte av dette.
Ei av mine viktigaste oppgaver er å ta vare på vår familiehistorie gjennom tekst og bilder. Både våre eigen og våre forfedres.
For å ha det bra må eg også holde på med kreative sysler og andre ting som gir meg godfølelse, og på denne nye Facebooksida mi vil eg dele litt av dette.
For nokre dager sidan dukka dette minnet opp på Facebook'en min. Ein video som eg delte for 5 år sidan og som eg no måtte sjå igjen. Den traff meg rett i hjertet. Den minner meg på kvifor eg synest der så viktig å ta vare på dei små kvardags-øyeblikka gjennom bilder/video.
Tida du har sammen med ungene er så kort, og den herlige (og travle!) småbarnstida er plutselig over. Då er album og video verdifulle minner å ta med seg både for sin eigen del og familien.
Eg har sjølv følt på det med tid dei siste åra. Eg føler at eg har blitt flinkere på å styre dagen min, prioritere, eg gjer det eg MÅ og litt av det eg sjølv ønsker.
Men eg har i det siste lært meg sjølv enda bedre å kjenne. Eg har over tid prioritert vekk ting som betyr mykje for meg uten å vere klar over det, som bla. det å ta vare på familiehistorien og å gjere kreative ting.
No har eg gjort ein del små endringer som eg håper skal gi meg enda meir styring over eigen tid, og at eg skal få gjort litt meir av det som virkelig betyr noko for meg.
Sjå gjerne videoen og bli inspirert til å tenke over kva du sjølv ønsker å ta vare på av minner for deg og dine nærmeste.