torsdag 10. mars 2016

Fotobok med Floridabilder

Vi elska huset og bilane våre

For nokre år sidan var vi i Florida. Eg har laga tre fotobøker fra den turen; to kronologiske på Project Life måten (ei om cruiset og ei om dagane på land) og ei som er laga i Fotoknudsens fotobok-program (den er om parkene vi var i.) Her er eit lite knippe sider fra ei av bøkene:
(klikk på bilda for å sjå dei i større format)

Ein dag i Magic Kingdom

Sidan eg har laga ei eiga bok om parkene vi var i så laga eg kun èi side fra parkene til den kronologiske fotoboka fra turen.

På nyttårsafta i Sea World

Sidene til bøkene har eg laga i Photoshop ved å bruke templates og Project Life kort (dei fleste fra Becky Higgins' kolleksjoner). Sidene lagra eg som .jpg filer og sette dei inn i ei kvadratisk fotobok før eg framkalla den.

Vi hadde god utsikt fra der vi budde så vi fekk med oss Disneyparkenes fyrverkeri kvar kveld.

Ein dag i Epcot

To skjønne prinsesser

Det var mykje å sjå og oppleve i Usa, også langs veiane

Det tok nokre år før eg fekk bildene mine i fotobok, så det var ein herlig følelse den dagen eg endelig hadde bøkene i hendene. Ved å lage sidene som bilder før eg framkaller dei i ei bok gjer at eg også har ein backup av sidene dersom noko skulle skje med boka eg har.

-----

Eg har tidligare publisert dette innlegget hos Project Life i Norge


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)