tirsdag 27. oktober 2015

Konfirmasjonsbilder

I år blei eldstejenta konfirmert og vi fekk ein ide om å ta bilder til takkekorta på stølen vår. Pga vær og andre ting tok det nokre måneder før vi fekk anledning til å ta turen dit med bunad, men eg er glad for at vi fekk det til til slutt.

Vi tok ganske mange bilder. Eg er ingen fotograf så vi måtte prøve oss fram med ulike vinkler og bakgrunner. Men vi fekk etterkvart eit knippe aktuelle bilder som vi kunne bruke på takkekorta.

Portrett og nærbilder velger vi å ikkje dele, men desse kunne eg vise fram. Kjekt med bilder som er litt annerledes og som seier litt om kven ho er som person. Ei friluftsjente :)



søndag 18. oktober 2015

Drømmejobb


I tillegg til å jobbe i barnehage så jobber eg med Forever. Der jobber vi team. Man får god opplæring, veiledning og hjelp av sin sponsor og uplines. Eg er så heldig å ha desse fine folka som mine uplines, Bjørn har faktisk jobba med Forever i 15 år og har derfor lang fartstid i denne bransjen. 


Kunne du tenke deg å vite meir om det å jobbe med Forever? Ta kontakt med meg på mail isoegnen@frisurf.no

tirsdag 13. oktober 2015

Eplemuffins ♥

Annakvar veke er vi på barneforening sammen med andre barn og voksne i grenda. Då pleier vi å ha med oss mat som vi setter på eit felles bord, og så har vi eit koselig måltid sammen. Då dei eldste var mindre baka eg mykje, men dei siste åra har det blitt mindre av dette og eg har ofte kjøpt noko på butikken istedet.
Men sidan vi har ein del frukt liggande må jo dette brukast, så derfor laga eg og minstejenta eplemuffins i dag.


Vi mangla nokre ingredienser, men heldigvis fann eg ein Toro-pose i skuffa, så då blei det muffins likevel. Nokre gonger lager vi ting fra grunnen av, mens vi andre gonger ikkje gjer det ;)
Eg var innom denne linken for å få litt tips : Eplemuffins ~ Det søte liv
Minstejenta fekk hjelpe til ho også.

Epler måtte vi ha


Eplemuffins på avkjøling

Vi måtte selvfølgelig smake på dei for å kjenne om dei var gode. Så tar vi med oss resten på barneforening, og lar ein vere igjen her heime som pappaen kan kose seg med når han kjem fra jobb.



lørdag 10. oktober 2015

Skogstur og livsstilsendring

Det er herlig å gå i skogen om høsten. Herlige farger, frisk luft, passe temperatur og høstlige dufter.

For litt over eit år sidan gjekk eg ikkje så mykje i skogen. I helgane prioriterte eg hus og praktiske ting når eg hadde muligheten til det. Mannen min tok gjerne ein tur med dei eldste ungane, mens eg var heime med den minste. Og det syntest eg var heilt greit.... eg var ikkje så kjent i skogen, kondisen var dårlig og kroppen føltes tung.

Men i løpet av det siste året har ting endra seg. Fleire ting gjorde til at eg no fekk muligheten til å prioritere mi eiga helse ved å bla. begynne å trene og eg har klart å endre kostholdet mitt til det bedre.

For eit år sidan var eg usikker på veien til stølen. Men eg begynte å gå meir i skogen, gjekk litt lenger for kvar gong og la merke til kjennetegn i naturen rundt meg så eg ikkje skulle gå feil. Det føltes herlig kvar gong eg kom eit stykke lenger.


Tidligare ønska eg meg flate skogsveier å gå på, mens eg no er glad for dei bratte bakkane som hjelper kondisen min til å bli bedre og gir beina litt meir å jobbe med.


I slutten av november i fjor kom eg meg endelig heilt opp. Det føltes heilt fantastisk å endelig nå målet som eg hadde tenkt på i fleire måneder. Eg hadde tenkt å ta dette bildet då, men blei skuffa då mobilen ikkje likte kulden og slo seg av. Etterpå var det mange måneder med snø i fjellet, men ut på våren kom eg meg opp igjen. Og etter det har det blitt mange turer opp hit. Seinast i dag.

Eg elsker å gå i skogen. Det gir meg så mykje. Eg får sortert tanker og lufta hovudet, i tillegg til at eg får bevegd meg. Og no om høsten er det ekstra fint pga alle dei flotte fargane som er rundt meg.


Eg er så glad for det eg har oppnådd det siste året. Det er lenge sidan kroppen har vore i så god form som den er no. Trening og kosthold har eg tidligare vore flink med i kortere perioder, men så har det sklidd ut og mi eiga helse har blitt nedprioritert. Men ikkje denne gongen. Eg føler at eg endelig har klart det... gjort ei livsstilsendring som er varig. Eg har fortsatt eit stykke å gå før vekta er der eg vil den skal vere. Men det er greit. Eg er på riktig vei.

mandag 5. oktober 2015

Ein fin høstdag

Det er deilig med flotte høstdager som i dag, den måtte nytes utendørs.

Eg og dei yngste reiste i banken for å tømme sparebøssene deira (banken arrangerer ofte opplegg i høstferien), mens den eldste gjerne blei igjen heime og laga horn til oss.

Då vi kom heim kledde vi godt på oss (sidan vi bur på skyggesida der sola ikkje kjem til lenger), og gjekk tur i skogen.

Vi hadde tilbudet om å bli med ein anna gjeng på tur i dag, men sidan eg veit at dei eldste ikkje hadde blitt med dit så tok vi heller ein tur sammen her heime. Det smakte godt med nybakte horn og varm drikke (rett i koppen og solbærtoddy) ute i den kjølige høstlufta.

I ein travel kvardag er det lett å gløyme å bruke tida sånn. Eg hadde mange ting eg burde ha gjort i heimen, men dette er ein mykje meir verdifull opplevelse å ha med seg enn at huset ser tipp-topp ut.

Sammen er ein fin plass å vere ♥


mandag 28. september 2015

Nytt liv på gården

Minstejenta har venta heile sommeren på dette. Ho har snakka om at når det blir høst så skal det komme kalver og ho skulle gi dei melk på flaske. No er tida der.

Dette var den første kalven som kom til verda for nokre veker sidan.

Dei eldste synest også det er kjekt med småkalvene. Dei har kvar sine kyr så det er alltid like spennande å sjå kven sine kyr som kalver først. Her er småkalvene på luftetur.


torsdag 24. september 2015

Ei fantastisk helg på jobb

I tillegg til å jobbe i barnehage så har eg også ein anna jobb; eg er Forever Business Owner. Eg skal innrømme at då eg høyrte om Forever Living Products første gongen så var eg skeptisk til både selskapet og produkta. Grunnen til det er fordi eg ikkje hadde høyrt om dei før. Kvifor var dette så bra? Kvifor var folk så entusiastiske når det gjaldt dette? Eg spurte om alt eg lurte på, eg fekk prøve produkta, eg googla Aloe vera og las om andres erfaringer med produkta. Og no blir eg berre meir og meir sikker på at eg gjorde det riktige då eg valgte å sjølv jobbe med dette.
Man bør jo ikkje dømme noko eller nokon uten å kjenne dei og vite kva dei står for ;)

Grunnleggeren av Forever Living, Rex Maughan, ønska å tilby folk produkt som var dokumentert sunne, men istedet for å bruke ei formue på tradisjonell reklame i TV og aviser, skulle salg skje gjennom personlige møter. Reklamepengane kunne dermed gå til dei som ville hjelpe å selge produkta. Og det er nok grunnen til at eg ikkje hadde høyrt om dei før.

Forever har eksistert sidan 1978 og held til i over 150 land. Dei er verdens største dyrker, produsent og distributør av Aloe Vera.  Viss du vil vite meir om dette kan du lese det her: Om Forever Living Products.


I helga var det Forever Success Days i Oslo, der vi var 1200 Forever Business Owners som møttes for å bla. høyre på inspirerende foredrag og få recognitions.



Eg er blitt Supervisor i Forever, og fekk anerkjennelse for dette med bla. banner, pin og diplom.

Eg fekk komme på scena der vår Country Manager stod og gratulerte

Vi fekk høyre på mange inspirerende foredragsholdere, bla. vår Forever ambassadør som var Miss Sweden i 2011. Ho viste oss korleis man kan bruke Flawless sminken.

Det er alltid kjekt å sjå kva andre har oppnådd i Forever

Eg drikk Aloe Vera Gel kvar dag, og det gjer mange av mine kunder også. Forever har 90 dagers fornøgdhetsgaranti, noko som gjer at alle kunder får prøve produkta i 3 måneder. Dersom dei ikkje er fornøgd så får dei pengane tilbake. Det er fint på kunne tilby dei denne muligheten til å prøve produkta uten å risikere noko.

I denne jobben blir man kjent med mange nye. Det var ei fantastisk helg, og eg gleder meg til neste gong eg skal vere med på eit av Forever sine events. 

Eg er takknemlig for at eg fekk denne muligheten. Muligheten til å bruke og jobbe med gode produkt som har endra både mitt og andres liv til det bedre. Muligheten til å ha ein ekstrajobb der eg kan vere min eigen sjef. Og der eg kan jobbe så lite eller mykje som eg vil.

Ta gjerne kontakt på mail viss du vil høyre meir om å jobbe med dette.


torsdag 6. august 2015

Project Life oppbevaring

Eg har holdt på med Project Life i 4 år og etterkvart som det har komt fleire PL produkt for salg så har også hobbyrommet mitt blitt meir og meir prega av det.

I denne skuffa blei dei første PL-tinga mine plassert (som heimelaga kort og mitt første Cobalt Core kit), men etterkvart har tinga spredt seg meir i heile rommet.

I denne kurven har eg diverse temakort-pakker.

I boksen til venstre oppbevarer eg basic tekst-kort, og i boksen til høgre oppbevarer eg pyntekort. Begge er inndelt etter farge. Eg har også ein boks der eg oppbevarer tema-kort til td. jul, bursdag, årstid o.l.

Sidan eg lager eigne album for reiser vi er på så har eg ein del kort og pynt som passer til temaet "reise" og "sommer". Eg bruker ofte isbokser til oppbevaring av kort, og i ein av dei har eg samla sommerlige kort. Når eg har mykje pynt innen eit bestemt tema bruker eg ofte zip lock poser i ulike størrelser til å oppbevare dette i. I denne posen oppbevarer eg kort og pynt innen temaet "reise".

I nokre zip lock poser samler eg pynt som passer til eit bestemt Core kit, mens andre som sagt er inndelt etter tema. Desse to er inndelt i temaene "sommer" og "jul/vinter".

Eg har nokre Crop in Style- mapper som eg bruker til diecuts og klistermerker. Då eg skulle lage babyalbum til minstejenta fylte eg ei mappe med dette og anna pynt som kunne passer i babyalbumet.

Diecuts, klistermerker, tags o.a til babyalbumet i Crop in Style.

Clip it Up'en har blitt brukt til diverse pynt som eg sjelden brukte, så derfor bytta eg ut den gamle pynten med pynt til PL albuma mine. Her har eg bla. stempel, enamel dots, alfa-klistermerker og andre klistermerker

Ein alt-mulig-boks til diverse pynt og stæsj.

Mønsterark som høyrer til Core kit'ene, eller som matcher desse, oppbevarer eg i denne veska fra Panduro.

On-the-go veska mi, som brukes både når eg er på hobbyrommet og som er enkel å ta med seg i stova når eg held på med PL albuma mine der. Når eg set inn bilder i albuma og skriv tekster (som eg tidligare har notert på iphonen) så sit eg gjerne i stova sammen med ungane. Når eg pynter albuma liker eg å sitte på hobbyrommet der alle pyntetinga er.
Oppi denne veska har eg det eg trenger av penner, tusjer, saks, eit lite utvalg tekstkort (gjerne fra Core kit'et eg bruker), tags, saks o.l.

Dette var eit innblikk i korleis eg oppbevarer litt av Project Life tinga mine. 
Eg har tidligare publisert dette innlegget hos Project Life i Norge.


torsdag 4. juni 2015

Vi har prøvd Piano Lag din egen Softis

Som Buzzador får eg prøve produkter og tjenester mot at eg fortel andre om dei. Denne gongen har eg og familien min fått prøve Piano Lag din egen Softis.
Vi laga Softis-party og satte fram mange av våre favoritt-toppinger.

Man kan tilberede softisen både med og uten ismaskin. Vi brukte håndmikser og ungane syntest det var kjekt at det var dei som fekk piske den. Vi fekk prøve både vaniljesmak....

... og jordbærsmak

Dei piska isbasen i 2-3 minutter. Satte den i frysen, og så tok dei den opp att etter ca 3,5 time. Då piska dei den på nytt i ca 1 minutt. Og så var den klar.


Her er noko av det vi kosa oss med :









Vår meining om softisen:
Den var enkel å tilberede og smakte godt. Konsistensen var sånn som softis skal vere. Den smelta litt fortere enn vanlig boks-is... men så er jo dette softis og dermed litt meir krem-aktig.

----------------------------------------------------


Vil du vite meir om det å vere Buzzador kan du lese mitt første innlegg her: Eg har blitt Buzzador