mandag 22. desember 2014

Barnehage- og skulestart og litt om apper

Denne sida laga eg med nokre av bilda eg tok i august i fjor. Det var eit nytt skuleår for dei eldste, mens den yngste begynte i barnehagen.

Ungane mine har alltid syntest det har vore stas med skuleboka som har "databilde" inne i coveret, og i år var det gutten sin tur å ha denne. Eg har også med eit bilde av den første låneboka hans denne høsten.

Eg set ofte sammen to ståande bilder før framkalling sånn at dei passer i lomme-sidene eg bruker mest (Becky Higgins' Design A). Nokre gonger bruker eg heile bildet i ein 4x6 lomme, eller så deler eg dei opp og set dei i 3x4 lommane.
Eg bruker appen Pic Stitch på iphone/Ipad eller Photoscape på pc'en til å sette sammen bilder.

Rutine kvar gong eit nytt skuleår starter er å legge bokbind på ein haug av bøker :)

Nokre gonger vil eg ha kvadratiske eller polaroid-liknande bilder i albumet. Eg bruker ofte appen (med det lange navnet) Framatic- Magic Photo Collage + Photo Frame + Picture Border + Pic Stitch for Instagram for å enkelt sette sammen to kvadratiske bilder. Då blir det eit stort kvadratisk bilde som eg beskjærer til 4x6 størrelse (dvs 10x15 cm) før framkalling. Men det fins massevis av andre apper der ute som også kan brukes.

Dagen før skulestart la eg ut eit bilde med barnas sekker på Facebook, så eg tok eit skjermbilde av dette og av kommentarer eg fekk til bildet. Eg tok også eit kvardagsbilde då dei var på veg til skulebussen. Det får meg til å hugse den følelsen det var å sjå dei gå ut av døra for å gå på skulen første gong denne høsten, og den var bla. litt spent sidan eldstejenta hadde sin første dag på ungdomsskulen.

Dette bildet har eg laga i appen Scrap It: School Days HD. Kvaliteten er ikkje så god på bilder eg lager i denne appen, men det går greit å framkalle dei i 4x6 størrelse. Det fins fleire Scrap It- apper å velge mellom.

Og så var det barnehagestart for minstejenta, og det er jo alltid like spennande for man håper jo at det skal gå bra (og det gjer det som regel) :)

Dette bildet har eg laga i appen Martha Stewart Craft Studio. Bildene og korta eg lager i denne appen blir heller ikkje så store at eg kan framkalle dei i stort format, men det fungerer fint for 4x6 bilder.

Dette innlegget har eg tidligare publisert i bloggen Project Life i Norge.


torsdag 27. november 2014

Den nye Project Life appen

Eg er av dei som har venta på denne appen heilt sidan Becky Higgins nevnte at den var under arbeid, så derfor var eg raskt ute med å kjøpe den då den blei lansert i september. Foreløpig fins den berre som app for Iphone/Ipad, men den vil etterkvart komme til android også (men det tar lenger tid og er dyrere å lage android-apper).

By the way: Fra i morgon (fredag 28.11.14) til mandag er denne appen på tilbud i App Store !!
Vanligvis koster den $ 2.99, mens den i helga koster $ 0.99

I denne appen kan man enkelt lage foto-kollasjer og Project Life sider. Nokre templates, kit og kort følger med i appen, mens andre kan kjøpast. Det vil også bli lagt ut fleire nye kit kvar måned framover.

Sånn bruker eg appen:
Eg har ikkje begynt å bruke den fast enda, foreløpig har eg berre laga nokre temasider bla. fra eit par fjellturer vi har vore på.
Eg liker å scrappe "vanlig" der eg kan kose meg med bilder, papir og pynt, men det skjer så mykje i kvardagen så eg får desverre ikkje gjort dette så ofte som eg ønsker. Bildene hoper seg opp og tar tid å få i album. Med denne appen kan eg enkelt og raskt lage ei PL side og deretter framkalle dei som 12x12 sider eller i ei fotobok.
Og når eg ser at eg har tid og lyst til å holde på med papir-scrapping så har eg jo alltids massevis av bilder liggande til dette.

Eg har kjøpt ein del digitale Project Life- kit, så istedet for å kjøpe mange kit i appen så har eg heller lagra favoritt-korta mine i dropbox og kan lett ta dei fram derifra når eg vil bruke dei.

Eg framkalla nylig 12x12 sider som eg har laga i appen. Eg sendte dei til Persnickety Prints då dei hadde tilbud, så no venter eg spent på å få dei i posten (....det var då eg skreiv dette innlegget første gongen. No er sidene komt i posten og dei blei akkurat så fine som eg hadde tenkt at dei skulle bli).

Mi meining om appen:
  • Eg liker det meste med Project Life og også denne appen. Den kan hjelpe meg med å få bildene mine raskare framkallt og samtidig er dei då fiks ferdige til å sette i ein 12x12 fotolomme.
  • Det er litt dumt at man ikkje kan skrive på pyntekort og bilder i appen (kun på tekst-korta). Men dette kan man jo gjere i andre apper før man bruker dei i PL appen.
  • Nokre bilde-redigeringsalternativ fins i appen. Eg kunne tenkt meg fleire, men no er jo dette ein app til å lage PL sider i og ikkje ein som er laga for å redigere bilder (dette kan eg også gjere i andre apper før eg bruker bildene i PL appen).
  • Eg har opplevd at appen har kræsja når eg har holdt på med ein spesiell template eller panorama-bilder, men det vil forhåpentligvis endre seg etter ei app-oppdatering.
Desse gamle bildene og korta (fra Cinnamon-kit'et) hadde eg liggande i Dropbox og fann lett fram til dei når eg var i Project Life appen. Eg har scanna bilder fra oldemor og bestemødre sine album, så eg skal lage eit album med bilder som har med slekta mi å gjere.

PL sidene eg har vist i dette innlegget er laga i Project Life- appen (du kan klikke på dei for å sjå dei i større format), eg har også laga nokre kollasjer. Desse kan settast inn i ei PL side i appen eller framkallast som eit bilde:




Lær meir om appen og korleis den fungerer:

Dette innlegget har eg tidligare publisert i bloggen Project Life i Norge


Sider med herlige Scrapfabriken-kort


I sommer fekk vi i Designteamet hos Project Life i Norge 3 pakker kvar med temakorta til Scrapfabriken; Fika, Dokumentera og Födelsedagar. Eg bruker mest kort med norsk eller engelsk tekst så det var uvant å bruke svenske kort, men det gjekk heilt fint. Nokre kort har eg brukt som dei er, mens nokre kort har eg fiksa litt på så dei passa sida mi bedre.

Sida ovenfor er laga med korta i "Dokumentera". I 4x6 lommane nede til venstre og oppe til høgre satte eg sammen to 3x4 kort under bilda. Det lille eg har brukt av pynt er figurer som er puncha eller klipt ut fra temakorta.
Bildene er fra ein ferietur vi hadde for mange år sidan.


Her har eg brukt kort fra temapakken "Födelsedagar". Dette var eit sett med herlige bursdagskort i ulike farger så det kan passe både til jente- og guttebursdager.

Anledningen eg scrappa er eldstejentas 13- årsdag, og sidan gjestane var med på mange av bilda fra bursdagen så måtte eg "blur'e" desse bilda litt. Dette var det siste selskapet dei hadde ilag mens dei gjekk sammen på barneskulen.. no er dei ungdomsskuleelever og er i ulike klasser. Det er grunnen til at eg tok eit fellesbilde av dei... og så var det så herlig og "i tiden" at dei måtte sjå korleis bilda blei på mobilen etterpå :)


Eg forelska meg i desse korta i "Fika"-pakken. Dei var nydelig dekorert i herlige farger med tema som kan passe både til bakst, kaffi og te. Eg hadde ikkje så mange bilder liggande som passa til akkurat dette temaet, men brukte dei eg fann (og gleder meg til å få brukt dei resterande korta seinare når eg har dei riktige bildene).

Eg fann eit bilde av ei Oreo-kake og eit par bilder med ein av yndlingskoppane mine (pluss pulverkaffi og magasinet eg las "akkurat då".
Her har eg også satt sammen to 3x4 kort i 4x6 lommane. Litt av pynten har eg klipt ut fra temakorta og litt er fra eige stæsj.


Tusen takk til Scrapfabriken for at vi fekk prøve desse herlige temakorta :)

Dette innlegget har eg tidligare publisert i bloggen Project Life i Norge etter at vi hadde fått prøve produkter fra Scrapfabriken.



lørdag 11. oktober 2014

Glimt fra mitt feriealbum: I dyreparken

(klikk på bildene for å sjå dei i større format)

I dag vil eg dele litt fleire sider fra feriealbumet fra i fjor sommer. Då var vi innom dyreparken og der blei det selvfølgelig tatt mange bilder. Eg tok også vare på "tags" fra ting vi kjøpte og brosjyrer som eg satte inn i albumet vårt.
På den venstre albumsida (ovenfor) har eg bilder fra veien til inngangen og bla. eit bilde eg tok gjennom appen Instaweather (den viste dagens vær på bildet eg tok). Korta er fra Project Life kit'et "Honey".
I midten av sidene har eg satt inn eit par Kaptein Sabeltann- minner.

Vi var ein tur innom "Afrika" for å sjå på dei flotte dyra der.
I lommane uten bilder har eg brukt mønsterpapir fra DCWV (Safari Chic) og rubons fra Creative Imaginations/Marah Johnson (Safari) + ein tag fra eit kjøpt klesplagg.

Løvene var staselige dyr.
Ark og rubons er fra samme produsent som eg nevnte ovenfor.

Tiger, rød panda og hjortedyra var også flotte.

Her har eg satt inn kartet over dyreparken. Eg delte det i to og putta det i ein 12x12 og ein A4 lomme.

Dette innlegget har eg tidligare publisert i bloggen Project Life i Norge


søndag 5. oktober 2014

I Lilleputthammer

Eg har brukt dei fine produkta eg fekk fra The Green Hyena til bilder eg tok i Lilleputthammer for nokre år sidan. Eg fekk ark, hello-diecuts (fra ein dies) og ein button. Den venstre sida var ganske fargelaus så eg brukte arka for å live opp sida litt, mens eg følte for å tone ned den høgre sida.
Eg prøvde å holde meg mest mulig til arka og pynten eg hadde fått og ikkje bruke så mykje anna.

Detaljer:
Eg laga border til fire av bilda med det grå arket.

Eit herlig og fargerikt ark som eg skar opp i 4x6" størrelse og som passa fint til ei litt fargelaus side. Eg tona det ned ved å sette på nokre sommerfugler som eg stansa ut fra det grå arket.

Det passa fint å bruke hello-diecuts på dei to bildene der jentene stikk hovuda ut fra leikehuset.

Eg brukte eigne puncher til å stanse ut border og blomster, og button og ark som eg fekk fra The Green Hyena.

Her brukte eg også arka fra The Green Hyena, og puncher og hjerter fra eige stæsj. Eg brukte Cat's eye rundt kantane på kortet for å markere det på sida.


Dette innlegget har eg tidligare publisert i bloggen Project Life i Norge etter at vi hadde fått prøve produkter fra The Green Hyena. Der kan du sjå bildene i større format dersom det er ønskelig.


tirsdag 19. august 2014

Digitale Project Life sider


Eg har i fleire år hatt lyst til å lære meg meir om å lage digitale scrappe-sider i Photoshop, men så har det ikkje blitt prioritert. Men då Jessica Sprague skulle holde eit nettkurs om korleis lage Digitale Project Life sider i fjor greip eg sjansen for å lære meg meir om Photoshop og Project Life.

Eg liker best å bruke Project Life på den tradisjonelle papirmåten, der eg får ha både bilder og flotte produkter i hendene og lage noko utav det. Men nokre prosjekt og sider har eg laga digitalt:

Eldstejenta mi skal konfirmere seg neste år og i den anledning har eg begynt å lage eit Project Life-album til ho med eit knippe bilder fra kvart år. I tillegg til dei kronologiske sidene med bilder så har eg også laga digitale tema-sider om dyr (sidan vi bur på gård) og ting ho har vore med på.

Eg hadde aldri framkalla digitale 12x12 sider før (då eg gjorde dette i april i år), men brukte Persnickety Prints til dette sidan eg hadde ein rabattkode fra dei - og eg blei veldig fornøgd med resultatet.

Eg fekk mange fine 12x12 Project Life sider på fotopapir som eg har satt inn i 12x12 plastlommer i albumet hennar.

I etterkant av kurset i fjor laga eg ei fotobok med digitale sider til bestemor. Eg brukte mest bilder fra eg sjølv stifta familie og bilder eg hadde med resten av hennar etterkommere, men eg brukte også bilder fra "gamle" dager.

- Coveret på boka-


- Første side i boka-

Først laga eg sidene i Photoshop, og deretter satte eg dei inn i ei fotobok (hos Fotoknudsen) og framkalla den. Bestemor satte stor pris på denne gåva og tar den fram både titt og ofte.

Det er kjekt å leike seg med digitale sider og pynt på dataen. Noko av det positive med denne måten å scrappe på er jo at pynten man har kan brukast opp att fleire gonger. Ein anna ting eg liker er at dersom noko skulle skje med albuma eg har laga med digitale sider så har eg alltids ein backup av original-sidene sånn at dei enkelt kan framkallast igjen... det er ikkje like enkelt med sider man har laga på papir-måten.
Dei digitale korta og pynten kan også printes ut og brukes i vanlige fotoalbum.

Kurset eg tok hos Jessica Sprague er fortsatt tilgjengelig dersom det er av interesse: Nettkurset Digital Project Life.
Her kan du sjå ein video med tutorial fra kurset: Jessica Sprague teaches Digital Project Life.
Og du kan også finne mange andre gode tutorials om denne måten å scrappe på i blogger og på You Tube ved å google Digital Project Life.

I nettbutikken digitalprojectlife.com kan man kjøpe dei fleste av Becky Higgins sine Core-kits og kort i digital versjon. På Freebies-sida finn du bla. gratis kort og eit start-sett med templates og eit utgått Core-kit. Dei er kjempefine å bruke dersom man har lyst å prøve denne måten å scrappe på.
Les gjerne Faq-sida deira for meir informasjon om produkta og måten å bruke dei på.

Diverse linker eg bruker:
Designer Digitals- her har eg kjøpt mange digitale produkt (bla. fra Cathy Zielske og Ali Edwards)
Studio Calico's digi-shop - Fine digitale produkt og freebies
Project Life cards & freebies - Mi Pinterest-tavle med mange PL freebies
Project Life Digipages - Mi Pinterest-tavle med digitale PL sider
Cathy Zielske- Digital Scrapbooking -  Masse PL inspirasjon fra denne dama


Dette innlegget har eg tidligare publisert i bloggen Project Life i Norge. Der kan du sjå bilda i større format dersom det er ønskelig.
Nokre av bildene har tidligare blitt publisert her på bloggen min også.


mandag 11. august 2014

Project Life på ferie

Når vi reiser på ferie om sommeren pleier eg å ta med litt hobby-aktiviteter. Eit eller anna småpussel som ikkje tar så stor plass, noko som er enkelt å ta fram når eg ønsker det og som eg gjerne kan holde på med sammen med ungane. Veska på bildet ovenfor kjøpte eg før ferien i fjor og den passer perfekt til dette formålet.

I år som i fjor var hobbyveska mi sterkt prega av Project Life. Det som tar lengst tid når eg lager feriealbum er å sette sammen fleire bilder på eitt bilde (som ein kollasj) og å skrive tekster fra turen. Så istedet for å sitte med alt dette når eg er komt heim så prøver eg å få gjort litt kvar dag på ferie. Kvar kveld set eg sammen bildekollasjer (i 10x15 cm størrelse) på iphonen, og skriv tekster fra dagens hendelser på dei medbrakte korta.

I hobbyveska mi (som også kan kalles Project Life veska mi) har eg dette:
Eit knippe tekstkort fra Core Kit'et eg tenker å bruke i feriealbumet- i dette tilfellet dei herlige korta fra "Honey". Desse har eg lett tilgjengelig sånn at eg enkelt og raskt kan skrive små tekster i løpet av dagen som td. gullkorn fra ungane eller notater fra ein spesiell opplevelse.

Ferie-inspirerte tekst-kort som eg har printa ut, og mønsterark i passe størrelse som eg kan pynte på viss eg føler for å lage noko. Eg har også med nokre kvite, blanke PL kort som eg kan pynte eller la ungane bruke til å tegne eller skrive på.

Småpynt i ziplock-poser, ein med tema "sommer" og ein med tema "nøytral". Eg har laga sånne poser for fleire av Core-kit'a mine også- med pynt i farger som matcher fargane i Core-kit'a. Då går eg gjennom stæsjet mitt og plukker ut alt av småting som kan passe i posane.

Litt meir pynt

Diverse utstyr: limfirkanter, gluedots, limstifter og sakser til meg og ungane, tusjer, penner, hjørne-punch og Cat's eye.

Inspirasjon. Nokre gonger treng eg litt idèer, så eg printa ut nokre sider med bilder fra nettet i fjor. Pinterest blir også brukt til dette.

Eg har med Promarker-tusjer og ferdigstempla kort. Desse er enkle å ta fram når eg ønsker å ha noko lettvint å holde på med.

For nokre år sidan var min og ungenes feriehobby å lage "kreative dagbøker" (litt alà Art Journal). Mi blei berre brukt denne sommeren, men ungane bruker fortsatt sine kvar sommer. Dei skriv notater fra dagen som har vore eller tegner i den. Derfor har eg også med litt klistermerker og anna pynt som dei kan bruke til dette.
Eg har skreve litt om desse i kreative dagbøkene i eit tidligare innlegg: Kreativ dagbok

Dette var eit innblikk i ferieveska mi og korleis eg gjer Project Life på ferie. Det er ikkje alltid eg får brukt alt eg har med, men det er heller ikkje intensjonen. Før veslejenta kom til verden hadde eg og dei eldste god tid og mulighet til å holde på med sånt. Det har blitt litt mindre av sånt dei siste åra, men desse hobbyegreiene er ikkje ein MÅ-ting... det er ein hyggelig ting å holde på med når og viss eg/vi har litt tid til overs og føler for å lage noko.


Dette innlegget har eg tidligare publisert i bloggen Project Life i Norge. Der kan du sjå bilda i større format dersom det er ønskelig.


søndag 6. juli 2014

DIY: Eigne pyntekort til Project Life

(Diverse pynt og mønsterark. Kronediesen er fra Provocraft/Cuttlebug, doily og ornament er stansa ut med Silhouette, og barnefigurane har nokon laga for meg. Den norske teksten har eg printa ut fra Word.)

Eg liker Project Life for det gjer det enklare og raskare for meg å få bildene mine i fine album. Core kit'ene har egentlig alle korta eg treng, men når eg skal gå gjennom albumet og fylle det med pyntekort så liker eg å ha litt andre kort også. Eg foretrekker å ha eit godt utvalg med pyntekort liggande sånn at prosessen med å få albumet ferdig går fortare.

(Hjort fra October Afternoon. Sommerfugl fra Crafty Individuals. Alv fra The Greeting Farm. Hus fra Autumn Leaves. Diverse Magnolia).

Pyntekort med stempeltrykk, og Magnolia-motiv som eg har fargelagt. Eg har mange stempel etterkvart, men mange av dei har blitt lite brukt. Derfor er det kjekt å kunne bruke dei i Project Life albuma mine.

Mange mønsterark er fine å bruke som dei er, uten ekstra pynt på. Så av og til deler eg opp nokre av mønsterarka mine i 3x4 og 4x6 størrelser og har dei liggande til eg har ei passande side å bruke dei på. (Det er ein fin aktivitet å holde på med mens eg ser på tv eller er sammen med familien i stua).

4x6 kort med diverse enkel pynt. To av korta har ungane tegna på, til feriealbumet vårt.

Kartong eg har delt opp i 3x4 størrelse og prega med embossingfoldere fra Cuttlebug. Desse er fra Provocraft/Cuttlebug.

(Alv og prinsesse fra Scrap and Tubes. Småjenter, traktor og bamse fra Digiweb Studio. Ugle fra PixelPaperPrints. Alv med tryllestav fra Babystar Design.)

Etter at eg begynte med Project Life er eg blitt glad i å kjøpe clip art på nettet (det fins også mykje gratis). Desse printer eg ut, enten ved å sette dei inn i eit Word dokument eller printe ut via printerens fotoutskrift-program (på 4x6 kort). Dei er også fine å bruke til vanlige kort og andre papirprosjekt.

(Kamera fra Sarah Hurley. Rosa og blått kort fra Lori Whitlock. "Family memories" og "It's a beautiful day.." fra Designer Digitals. Kaffikoppen er fra Etsybutikken Illustree. "Love this life" og "If you want to.." er freebies fra Becky Higgins.)

Eg kjøper også andre digitale element (som PL kort og -kits, digi stempel o.l) eller printer ut freebies eg finn på nettet. På Pinterest-boardet mitt Project Life cards & freebies samler eg mange gratis PL kort som kan skrives ut.

Nokre av bilda i dette innlegget har eg vist tidligare i bloggen min. I fjor la eg ut dette innlegget: Printer ut kort og pynt til Project Life, og i mars skreiv eg eit innlegg om Project Life korta eg laga i appen Rhonna Design.


Dette innlegget har eg tidligare publisert i bloggen Project Life i Norge. Der kan du sjå bilda i større format dersom det er ønskelig.