søndag 5. oktober 2014

I Lilleputthammer

Eg har brukt dei fine produkta eg fekk fra The Green Hyena til bilder eg tok i Lilleputthammer for nokre år sidan. Eg fekk ark, hello-diecuts (fra ein dies) og ein button. Den venstre sida var ganske fargelaus så eg brukte arka for å live opp sida litt, mens eg følte for å tone ned den høgre sida.
Eg prøvde å holde meg mest mulig til arka og pynten eg hadde fått og ikkje bruke så mykje anna.

Detaljer:
Eg laga border til fire av bilda med det grå arket.

Eit herlig og fargerikt ark som eg skar opp i 4x6" størrelse og som passa fint til ei litt fargelaus side. Eg tona det ned ved å sette på nokre sommerfugler som eg stansa ut fra det grå arket.

Det passa fint å bruke hello-diecuts på dei to bildene der jentene stikk hovuda ut fra leikehuset.

Eg brukte eigne puncher til å stanse ut border og blomster, og button og ark som eg fekk fra The Green Hyena.

Her brukte eg også arka fra The Green Hyena, og puncher og hjerter fra eige stæsj. Eg brukte Cat's eye rundt kantane på kortet for å markere det på sida.


Dette innlegget har eg tidligare publisert i bloggen Project Life i Norge etter at vi hadde fått prøve produkter fra The Green Hyena. Der kan du sjå bildene i større format dersom det er ønskelig.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)