Eg er av dei som har venta på denne appen heilt sidan Becky Higgins nevnte at den var under arbeid, så derfor var eg raskt ute med å kjøpe den då den blei lansert i september. Foreløpig fins den berre som app for Iphone/Ipad, men den vil etterkvart komme til android også (men det tar lenger tid og er dyrere å lage android-apper).
By the way: Fra i morgon (fredag 28.11.14) til mandag er denne appen på tilbud i App Store !!
Vanligvis koster den $ 2.99, mens den i helga koster $ 0.99
I denne appen kan man enkelt lage foto-kollasjer og Project Life sider. Nokre templates, kit og kort følger med i appen, mens andre kan kjøpast. Det vil også bli lagt ut fleire nye kit kvar måned framover.
Sånn bruker eg appen:
Eg har ikkje begynt å bruke den fast enda, foreløpig har eg berre laga nokre temasider bla. fra eit par fjellturer vi har vore på.
Eg liker å scrappe "vanlig" der eg kan kose meg med bilder, papir og pynt, men det skjer så mykje i kvardagen så eg får desverre ikkje gjort dette så ofte som eg ønsker. Bildene hoper seg opp og tar tid å få i album. Med denne appen kan eg enkelt og raskt lage ei PL side og deretter framkalle dei som 12x12 sider eller i ei fotobok.
Og når eg ser at eg har tid og lyst til å holde på med papir-scrapping så har eg jo alltids massevis av bilder liggande til dette.
Eg har kjøpt ein del digitale Project Life- kit, så istedet for å kjøpe mange kit i appen så har eg heller lagra favoritt-korta mine i dropbox og kan lett ta dei fram derifra når eg vil bruke dei.
Eg framkalla nylig 12x12 sider som eg har laga i appen. Eg sendte dei til Persnickety Prints då dei hadde tilbud, så no venter eg spent på å få dei i posten (....det var då eg skreiv dette innlegget første gongen. No er sidene komt i posten og dei blei akkurat så fine som eg hadde tenkt at dei skulle bli).
Mi meining om appen:
- Eg liker det meste med Project Life og også denne appen. Den kan hjelpe meg med å få bildene mine raskare framkallt og samtidig er dei då fiks ferdige til å sette i ein 12x12 fotolomme.
- Det er litt dumt at man ikkje kan skrive på pyntekort og bilder i appen (kun på tekst-korta). Men dette kan man jo gjere i andre apper før man bruker dei i PL appen.
- Nokre bilde-redigeringsalternativ fins i appen. Eg kunne tenkt meg fleire, men no er jo dette ein app til å lage PL sider i og ikkje ein som er laga for å redigere bilder (dette kan eg også gjere i andre apper før eg bruker bildene i PL appen).
- Eg har opplevd at appen har kræsja når eg har holdt på med ein spesiell template eller panorama-bilder, men det vil forhåpentligvis endre seg etter ei app-oppdatering.
Desse gamle bildene og korta (fra Cinnamon-kit'et) hadde eg liggande i Dropbox og fann lett fram til dei når eg var i Project Life appen. Eg har scanna bilder fra oldemor og bestemødre sine album, så eg skal lage eit album med bilder som har med slekta mi å gjere.
PL sidene eg har vist i dette innlegget er laga i Project Life- appen (du kan klikke på dei for å sjå dei i større format), eg har også laga nokre kollasjer. Desse kan settast inn i ei PL side i appen eller framkallast som eit bilde:
Lær meir om appen og korleis den fungerer:
- Finn appen og les meir om den her: Project Life App
- Spørsmål og svar i Becky's blogg: Project Life App is LIVE
- Q&A før appen blei lansert: app questions + answers
- Q&A før appen blei lansert nr 2: app questions + answers part 2
- Video om appen: Project Life app tour
- Video om å lage ei side i appen: Creating a layout in Project Life app
- På Instagram kan man sjå kva andre har laga under denne tag'en #ProjectLifeApp , og app-tips blir lagt under denne tag'en #ProjectLifeAppTips .
Dette innlegget har eg tidligare publisert i bloggen Project Life i Norge
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)