torsdag 26. januar 2012

Heimelaga kort


For ei stund sidan fekk eg ei bestilling på heimelaga kort, her er nokre av dei eg laga.







søndag 22. januar 2012

6 måneder allerede

Tenk at vår lille prinsesse har blitt 6 måneder. Kor har tida blitt av? No har ho blitt ei stor jente som dei siste månedane har lært seg å smile, le, få meir kontroll på kroppen og no har ho også lært seg å rulle.
Eg ammer ho fortsatt og ho har nylig begynt med to grautmåltid om dagen.

Eg burde kanskje ha reist til fotografen med ho snart, sånn som eg var med søskna hennar då dei var 6 måneder. Men foreløpig har det blitt til at eg har tatt bilda sjølv, og kanskje er det godt nok? For eg må innrømme at bildene av søskna ligg nedpakka i ei eske (etter at vi malte veggen der dei hang)... Og kanskje tar eg så mange bilder no for tida at eg rett og slett ikkje treng enda fleire som eg attpåtil må betale ein god del for. Men då hadde eg jo fått nokre proffe bilder også. Hmm... eg har ikkje heilt bestemt meg enda.

Babyansikt

mandag 16. januar 2012

Julestemning på etterskudd

Julebilder føles meir stemningsfullt og koseligere før jul- men då rekk man ikkje alltid å få vist dei fram. Derfor deler vi heller eit lite knippe no.

- Det er alltid koselig å finne fram blå/rød-nisse tallerknene og koppen. Eg kjøpte to av denne typen for ein del år sidan- då eg berre hadde to barn. Så no blir dei brukt av dei minste familiemedlemmane.
- Gutten min er kreativ og kan komme med mange ideer. Før jul laga han juletre av klinkekuler... Og i toppen måtte det sjølvsagt vere ei stjerne (penn).
- Tidligare år har eg alltid hjulpe ungane litt med pepperkakehus-pyntinga. I år fekk dei frie tøyler- og det var stor stas.
- Juledukka vår er like artig (spesielt for dei minste) å ta fram kvart år. Den lager musikk og danser.

Julepynt fra Walt Disney World

Oppbevaring av bånd


Sånn oppbevarer eg bånda mine:
Nokre sorteres etter farge

I denne bånd-veska oppbevarer eg bla. bånd med tekst


Eg kjøpte ein del nye bånd då eg begynte å dekorere hårklemmer. Då syntest eg dette var ein grei måte å oppbevare nokre av dei på. Mulig at eg gjer dette med fleire av bånda mine... Eg bruker ringer som man kan åpne og lukke, og det er enkelt og inspirerande å sjå bånda eg har.


Ei bøtte med ric rac bånd

Ei sko-eske med div båndpakker

Ei sko-eske med bla. blondebånd

fredag 13. januar 2012

Baby og tid

Trur eg må eit nytt sånt bilde no for å sjå om foten har vokse...

Tida går fort og no er minstejenta blitt 6 måneder allerede. Ho har begynt å rulle seg rundt på golvet, så no må både søsken og foreldre passe tinga sine og holde golvet reint og ryddig. Ho har også begynt med graut, og skal få to grautmåltider om dagen fra i dag av.
Eg får ikkje tid til å gjere alt eg skulle ha gjort (men det har eg egentlig ikkje som mål heller), og eg må jo berre prioritere det viktigaste; minstejenta og resten av familien  

Her er nokre bilder eg tenkte å blogge i høst - bilder til babyalbummet hennar...




Så tynne babyføtter ho hadde den gongen, no er dei blitt gode og runde sånn som 6 måneders gamle babyføtter skal vere.


I storesøsters armer:





Storesøster og lillesøster