No nærmer det seg eit år sidan vi var i Orlando og Disneyparkene. Bildet ovenfor er tatt på flyplassen i Orlando- det første møtet med Florida og julestemningen der.
Området vi budde i var inngjerda, og vi måtte gjennom desse julepynta portene når vi skulle køyre til og fra huset vårt.
Ein dag var vi i Downtown Disney, her er eitt av dei flotte juletrea dei hadde der.
Der møtte vi Langbein som nisse
Mens vi stod i kø for å komme oss bort til Langbein-nissen, gjekk vi forbi desse flotte reinsdyra (dei var sikkert enda finere i mørket sidan dei var dekorert av lys).
Butikkvindua var flotte og dekorative, og også dei var pynta til jul.
Eitt av dei andre juletrea i Downtown Disney, fyllt med bla. Scrabble-bokstaver og leiker.
Enda eit fint og julepynta butikkvindu. Minnie.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)