tirsdag 30. november 2010

Julehobby/gavetips: decoupage på kopper og andre ting

Eit år dekorerte eg og eldstejenta (som den gongen var 3-4 år) kopper, sukkerskåler og julekuler med decoupage og ga vekk i julegave. Først tok vi på eit lag med decoupagelim, deretter motivet som vi klippte ut av servietter, før vi tok eit siste lag med decoupagelim opp igjen på.



Eldstejenta pynta koppane, eg pynta sukkerskålene og så pynta vi kvar våre julekuler (gjennomsiktige plastkuler).

tirsdag 23. november 2010

Bilder av ørn

Eg har eit ønske om å ein gong få tatt flotte bilder av ei ørn. Men foreløpig har eg ikkje lykkes i å få dei bilda som eg ser for meg. Så eg får nøye meg med desse som eg tok forrige dagen... inntil vidare...

Ørna er på jakt etter fisk... mens måkene jager på ørna.

Fisken var i boks, så då gjenstod det å finne eit tre man kunne nyte den i... uten desse irriterande måkene.


Eg har jo alltids dette bildet også, fra den gongen eldstejenta fekk holde ei tam ørn på armen. Men det er jo ikkje heilt det samme som å ta bilder av denne flotte fuglen ute i naturen.

lørdag 20. november 2010

Gjestebloggerinnlegg om Julehobby og gavetips

Eg har skreve nytt gjestebloggerinnlegg for Foreldremanualen, denne gongen om å fargelegge vaskekluter som man f.eks. kan gi vekk til jul. Les innlegget her: Julehobby og gavetips .

fredag 19. november 2010

Heimelaga julekort

Baksida var lik på alle kort, mens framsida var forskjellig fra kort til kort.

Siste rest av julekorta som eg laga for eit par år sidan, her også med nissebildene av ungane :)

Innsida av kortet

Julekort med Papilio-stempel, og Qk julekurv (diecut)

Julenisse m/jente- stempel
Pynt: Blondebånd, blomst m/hjertbling, God Jul-tekst, gullstjerner, rød hjerte-serviett og gullmaling bak stempelet.

Her har eg brukt eit gammeldags klistermerke som motiv.

torsdag 18. november 2010

Julekort med Hänglar & Stänglar

Julekort som eg laga for eit par år sidan.
Pynt på dette; pepperkakebrads, stjernetag på blondebånd og God Jul-stempel.

Hänglar & Stänglar har mange fine stempel :)

Samme stempel, men litt annleis kort (og litt blitz pga plastkonvolutten som er uttapå).


tirsdag 16. november 2010

Viktige backup'er av bilder og anna

Eg har begynt å få ein del eksterne hardisker etterkvart. Dei første eg kjøpte var på 250 GB, mens no er eg glad for å få eksterne hardisker på 1 TB og som attpåtil er mykje mindre enn dei første hardiskane eg kjøpte for nokre år sidan.

På bildet ovanfor er to av dei små eksterne hardiskane mine (desse to er på 500 GB kvar). Nedanfor er eit bilde av ein av dei eldste hardiskane mine (på 250 GB).

Behovet for å ta backup øker. Eg har fått nyere fotoapparat, som tar "større" bilder, og eg tar vel også fleire bilder enn det eg gjorde før. Alle bildene mine vil eg ha på minst to-tre eksterne hardisker, i tilfelle den eine blir ødelagt. Eg tar også backup av dokumenter, musikk, grafikk og mykje anna som eg bruker på pc'en.


Tidligare laga eg backup på CD'er, men det vart etterkvart så alt for smått for meg. Eg prøvde meg ei stund på DVD'er også, men eg liker eksterne hardisker best.
Tar du backup av viktige bilder og andre filer?

søndag 14. november 2010

Fleire julekort med Magnolia-stempler

Enda litt fleire julekort som eg har laga tidligare år. På dette kortet har eg brukte Magnolia-huset og ei Magnolia- jente med lykt. I vinduet på huset har eg limt inn blondebånd.

Gutt med lussekatt og rødt hus.

Denne figuren er enkel å fargelegge. Kun litt grått og blått i kantane, og røde hjerter.
Detaljer: Stjernebånd og stjernefigurer. Blomst med rød hjertebling i midten. Tegna sikk-sakk kant og julenisse poststempel.


Sjølve kortet er Bazzill-bling kartong. Og bak stempelmotivet har eg brukt eit ark som eg har embossa i cuttlebug. Ellers har eg brukt litt stempler og diecuts.

Eit søtt Magnolia-par med lykter.

Dette stempelet liker eg så godt, jenta med pepperkaker. Eg har også brukt peis-stempel og eit rundt "God jul" stempel, i tillegg til pynt som blondebånd og hjertebling.

torsdag 11. november 2010

La ungane lage farsdagskaka

Eitt år fekk jenta mi lage farsdagskake til pappaen sin (med litt veiledning fra meg). Først måtte ho ha sukker i fløyta.

Vispe litt krem..

Eg delte kakebotnen, og så fyllte ho den med bringebærsyltetøy...

... og krem

Etter å ha fyllt kaka og smurt litt krem på toppen, måtte den pyntes

Og slik blei kaka til slutt. Mmmmmm ..

tirsdag 9. november 2010

Julekort med Magnolia- stempler

Julekort med nissen til Magnolia. På dette kortet brukte eg mange swirle-stempel, snøfnugg-diecuts og glitterlim på nokre av detaljane på nissen.

Magnolianissen med glitterlim på detaljer og snøfnugg-diecuts med raindrops i midten.

Pynt: Brads i hjørnene, filtbånd og gullhjerter.

Pynt: Swirlstempel, blomst med blinghjerte, God Jul- tekst og reinsdyr. Stempelet er fra Magnolia.

Eit anna stempel fra Magnolia.
Pynt: Ric rac bånd og blomster med bling i midten.

Samme stempel som ovenfor.
Pynt: Brukte hjørnepunch i hjørnene på stempeltrykket, bling, tegna på sikk sakk mønster, og brukte God Jul stempel nederst.

mandag 8. november 2010

Julekort med Papilio-stempler

Årets julekort blir ikkje lagt ut heilt enda, men her er nokre julekort som eg laga for eit par år sidan med Papiliostempelet "Ole og Anna". Dei er laga med litt ulike oppsett og farger.