tirsdag 16. november 2010

Viktige backup'er av bilder og anna

Eg har begynt å få ein del eksterne hardisker etterkvart. Dei første eg kjøpte var på 250 GB, mens no er eg glad for å få eksterne hardisker på 1 TB og som attpåtil er mykje mindre enn dei første hardiskane eg kjøpte for nokre år sidan.

På bildet ovanfor er to av dei små eksterne hardiskane mine (desse to er på 500 GB kvar). Nedanfor er eit bilde av ein av dei eldste hardiskane mine (på 250 GB).

Behovet for å ta backup øker. Eg har fått nyere fotoapparat, som tar "større" bilder, og eg tar vel også fleire bilder enn det eg gjorde før. Alle bildene mine vil eg ha på minst to-tre eksterne hardisker, i tilfelle den eine blir ødelagt. Eg tar også backup av dokumenter, musikk, grafikk og mykje anna som eg bruker på pc'en.


Tidligare laga eg backup på CD'er, men det vart etterkvart så alt for smått for meg. Eg prøvde meg ei stund på DVD'er også, men eg liker eksterne hardisker best.
Tar du backup av viktige bilder og andre filer?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)