Då eg hadde med meg mine tre små på butikk her ein dag, gjekk vi forbi garnnøste-avdelinga. Minstemann på 3 1/2 sa at sånn ville han ha... sånn blå... Eg blei litt overraska. Ville han virkelig ha eit garnnøste? Og ja, det var han fast bestemt på.
Eg lurte på kva han skulle med det, og svaret kom raskt; han skulle strikke.
Og kan skjønne mor fallt for denne kommentaren! Klart han måtte få seg eit garnnøste når han hadde så lyst på.
Jentene ville selvfølgelig også ha kvart sitt garnnøste når minstemann fekk. Og då vi kom heim så sprang dei alle på besøk til besta for å spørre om ho kunne lære dei å strikke. Og det er nok derfor minstemann fekk denne idèen om at han ville strikke; han har nemlig ofte sett besta sitte med strikketøyet sitt.
Dei to minste er nok litt for små til å lære seg å strikke på ordentlig, men eldstejenta har begynt å gå i lære. Eg er ikkje så flink til å strikke, men eg kunne no vise korleis mellomstejenta kunne fingerstrikke; og no har ho fingerstrikka seg sitt eige skjerf. Det var stor stas.
Minstemann derimot kom fram til at det var kjekkare å hekte garnnøstet på traktoren enn å strikke med det :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)